Tølløv er eit mannsnamn som er dialektform av Torleiv med opphav i det norrøne Þor-leifr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘arving, etterkommar’. Namnet har særleg vore brukt i Nord-Trøndelag.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Tølløv som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg