Tómas Guðmundsson

Faktaboks

Tómas Guðmundsson
Født
6. januar 1901, Grímsnes
Død
14. november 1983, Reykjavík

Tómas Guðmundsson var ein islandsk forfattar og jurist.

Tómas debuterte i 1925 med diktsamlinga Við sundin blá (Ved blåe sund), som er prega av nyromantiske haldningar, men gjennombrotet kom med Fagra veröld (Fagre verden, 1933). Sidan gav han ut diktsamlingane Stjörnur vorsins (Vårens stjerner, 1940), Fljótið helga (1950, Den heilage floda, 1950) og Heim til þín Ísland (Heim til deg Island, 1977).

Som lyrikar er han først og fremst kjend for skildringane av Reykjavík, og han blir rekna som den første eigentlege bydiktaren på Island.

I lyrikken hans finn ein mange dikt om kjærleik og sorg, men fleire av dikta er også prega av humor og ironi.

Dikt av Tómas Guðmundsson er gjendikta til norsk ved Ivar Orgland.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg