Tåve

Artikkelstart

Tåve er eit kvinnenamn. Det er ein stavevariant av Tove som truleg er innlånt frå dansk. Norrøn form var Tófa. Namnet går sannsynlegvis tilbake til gammaldansk Thor-fred. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘vakker’. Etterleddet -fred svarer her til det norrøne -fríðr.

Namnet har fleire variantar: Tåve, Thove, Tove.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Tåve som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg