Faktaboks

Innbyggjartal
529 (SSB, 2023)
Landareal
0,7 km²
Tettstadsnummer
5080 Sæbøvik

Sæbøvik er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 529 innbyggjarar (2023).

Tettstaden ligg på den austre og smalaste delen av eidet mellom Sæbøvika i sør og Eidsvika i nord.

Eidsvik er den andre tettstaden på Halsnøya, Det ligg ut mot Eidsvika på den vestre delen av eidet mellom Sæbøvika og Eidsvika. Eid kyrkje, ei langkyrkje i tre, oppført i 1824, ligg på eidet.

Vest for Eidsvik ligg ruinane av Halsnøy kloster, i dag ei avdeling av Sunnhordland Museum. Her ligg òg Sunnhordland folkehøgskule.

Sæbøvik og Eidsvik har samband med fastlandet via den undersjøiske Halsnøytunnelen på fylkeveg 500. Denne munnar ut rundt to km aust for Sæbøvik.

Kart

Sæbøvik
Sæbøvik
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg