Sylvi Graham

Faktaboks

Sylvi Graham
Født
17. desember 1951, Oslo
Stortinget.

Artikkelstart

Sylvi Graham er tidlegare ordførar og tidlegare stortingsrepresentant for Høgre frå Akershus i 2013–2017.

Bakgrunn

Sylvi Graham er fødd i Oslo. Ho tok musikkbarnehagelærarutdanning ved Østlandets Musikkonservatorium (no Noregs musikkhøgskole) i 1970–1972 og førskulelærarutdanning ved Barnevernsakademiet i Oslo (no OsloMet – storbyuniversitetet) i 1975. Graham dreiv eigen privat musikkbarnehage i 1972–1974, var avdelingsleiar i Husmødrenes Barnehager i Sinsen i 1975–1977 og barnehagestyrar i Oppegård kommune i 1977–1991. Ho var leiar av barne- og ungdomsavdelinga i Norges Blindeforbund i 1991–1993 og konsulent i Norges Røde Kors i 1993–1995.

Politisk karriere

Graham var medlem av Oppegård kommunestyre for Høgre i 1979–1991, leiar av hovudutvalet for kultur i 1983–1991, medlem i formannskapet i 1987–1991 og leiar av Oppegård Høgre i 1991–1995. Ho var ordførar i Oppegård kommune i 1995–2004 og 2005–2009. I 2004–2005 var ho statssekretær for statsråd Jan Petersen i utanriksdepartementet i Kjell Magne Bondevik si andre regjering.

Graham var vararepresentant til Stortinget i 2005–2009 og i 2009–2017 var ho vald inn som stortingsrepresentant for Høgre frå Akershus. I 2009–2013 var ho medlem av arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, og i stortingsperioden 2013–2017 var ho medlem av utanriks- og forsvarskomiteen. Ho hadde skule, samferdsel og omsorg som fanesaker.

Andre verv og utmerkingar

Graham var leiar av styret for Norsk nettverk av helse- og miljøkommuner i 1996–2001, medlem av representantskapet for Kommunal Landspensjonskasse i 2000–2002, der ho var leiar i 2002–2004. Ho var medlem av representantskapet for Kommunalbanken i 2004 og av styret for Kommunenes Sentralforbund (KS) i Akershus i 1995–1999 og 2003–2007. Ho var leiar i KS i 2007–2009 og fekk KS-medaljen i 2009. Ho var medlem av styret for Aker universitetssykehus HF i 2006–2008 og leiar av Follorådet i 2008–2009.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg