Sylfest

Artikkelstart

Sylfest er eit mannsnamn som kjem av det latinske Silvester laga til adjektivet silvestris med tydinga ‘som har med skogen å gjere’. Dette adjektivet er laga til silva som tyder ‘skog’.

Namnet har fleire variantar: Sylfest, Sølfest.

Namnedag er 31. desember. Sylvi og Sylvia har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Sylfest

Eit utval personar med namnet Sylfest, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 menn (fødde i Noreg) som hadde Sylfest som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg