Sverre Hatle

Faktaboks

Sverre Hatle
Født
31. mai 1942, Fræna (no Hustadvika), Møre og Romsdal

Artikkelstart

Sverre Hatle var med i nybrotsarbeid for samisk som skulespråk frå 1960-åra. Seinare vart han ei drivande kraft i arbeidet for dialekt og nynorskNordmøre.

Bakgrunn

Sverre Hatle er fødd i Fræna (no Hustadvika) i Møre og Romsdal. I 1966 kom han som nyutdanna lærar til Skoganvarre skole i Porsanger, før samisk språk enno hadde fått plass i skulen. Etter fem år som rektor på Sjoa flytta Sverre Hatle i 1980 til Surnadal, heimbygda til kona Randi Skrøvset Hatle, der dei seinare overtok garden etter foreldra hennar.

Språkarbeidet

Stillinga som lærar i Porsanger vart starten på eit omfattande arbeid med lærebøker og læreplanarsamisk. Han skreiv mellom anna ei begynnarbok og laga eit læreverk for 3.–6. klasse saman med Johan Jernsletten. Hatle skreiv òg planen for «Samisk som morsmål» i Mønsterplan for grunnskolen i 1974.

Dialektarbeidet

I halvanna år frå hausten 2007 hadde Hatle ei fast dialektspalte i avisa Driva, «Ord frå kistebotnen». Dette var eit førearbeid til dialektordboka Ord te gagns. Ord og uttrykk frå Surnadal, som Surnadal Heimbygdlag gav ut i 2010. Boka inneheld meir enn 6000 ord på surnadalsdialekt og byggjer på arkivet etter Bjarne Østbø. Det vart òg gitt ut eiga lydbok. I 2013 kom ein ny serie på 25 artiklar i Driva, no i høve Språkåret. Han har òg skrive boka Surnadal Bondelag 100 år (2014).

Lyrikken

I 2011 samla Randi og Sverre Hatle ein del av dikta sine i boka Å vera her, som Randi òg illustrerte. Fleire av dikta er tonesette. Ein av salmane til Hatle, «Du er mi øy i havet, Gud», er å finne i Norsk salmebok 2013. Hatle har òg redigert bøker med dikt av Jørgen Gravvold og Hans Hyldbakk.

Utmerkingar

Hatle fekk Målprisen til Nordmøre Mållag for 2008. I 2012 vart han tildelt Kleivaprisen, kulturprisen til Surnadal kommune.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg