Sven Moren var ein norsk forfattar. Den avgjerande suksessen sin vann Moren med forteljinga Storskogen (1904), der han står fram som skogskildraren framfor nokon i den norske litteraturen i tida. Også Svartelva (1907) inneheld fine prosalyriske naturimpresjoner. Slektssagaen Storskogen vart ført vidare i Garden og bygda (1924), Grøndalskongen (1925) og Vegaskile (1926).
Striden mellom nytt og gammalt er emne for Styrkeprøve (1929), Riket er ditt (1932) og Skuldmennene (1934). Gode naturskildringar gir også Aust or markom (1909), Den gamle skogen (1920), Storvinter og trollskap (1928).
Moren gav også ut barnebøker, mellom anna Den store tømmerdrifta (1909). Ein del lyriske dikt samla han i Fela (1922) og Steg på vegen; gamle og nye vers (1931).
Moren var formann i Noregs Ungdomslag i 1899–1901 og i 1915–19, formann i Norsk Bokmannslag i 1913–1917, medlem av Forfatterforeningens litterære råd i 1915–1928. Moren fekk kunstnarlønn frå 1936. Kort etter hans død kom Møte og minne (1938). Han var far til forfattarane Halldis Moren Vesaas og Sigmund Moren.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.