Svein Gjelseth

Faktaboks

Svein Gjelseth
Født
2. februar 1950, Herøy, Møre og Romsdal
Stortinget.

Artikkelstart

Svein Gjelseth er ingeniør, tidlegare ordførar i Herøy i Møre og Romsdal og tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Møre og Romsdal.

Bakgrunn

Svein Gjelseth er fødd i Herøy i Møre og Romsdal. Han er utdanna skipsingeniør og adjunkt i Ålesund i 1974 og tok fagbrev som mekanikar i 1983. I 1967–1970 var han fiskar og maskinassistent, deretter mekanikar og konstruktør ved Smedvik Mek. Verkstad i 1974–1979 og driftsingeniør ved Ulsteingruppen i 1979–1983. Han var lærar ved Herøy vidaregåande skule i 1983–1989 og konsulent ved Vekst Næringsutvikling AS i 1996–1999. Han var dagleg leiar ved Herøy Næringsforum i 2004–2005 og rådgivar for samferdsel i Vanylven kommune i 2008–2009.

Politisk karriere

Gjelseth var medlem av styret i Herøy Arbeidarparti i 1980–1987 og kasserar i Herøy Ap i 1982–1987. Han var varamedlem for Arbeidarpartiet i Herøy kommunestyre i 1979–1983, deretter medlem av formannskapet i 1983–1987 og 1995–1999. Han var varaordførar i 1987–1989 og ordførar i 1989–1995 og 1999–2003 i Herøy kommune.

I perioden 2005–2009 var han vararepresentant til Stortinget og møtte fast for statsråd Karita Bekkemellem i 2005–2007. For perioden 2009–2013 var han innvald som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Møre og Romsdal. Han var medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget i 2005–2007 og medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i 2009–2013. Gjelseth var oppteken av rammevilkåra til den maritime klyngja på Vestlandet, og av samferdsel og kommunikasjon.

Andre verv

Han har vore leiar av styret for Tussa Kraft AS frå 2003, medlem av styret for Havyard Leirvik AS frå 2000, leiar av styret for VISIMO AS frå 2007, vart medlem av styret for MMC Tendis KS i 2008 og av styret for Ishavsmuseet i 2012.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg