Svea er eit kvinnenamn som er brukt som eit poetisk namn på Sverige (jamfør mor Svea).

Svea kom i bruk som førenamn i Sverige etter at Esaias Tegnér brukte det i diktet «Svea» (1811). Det var også Tegnér som omtrent på same tid introduserte mannsnamnet Nore som ei personifisering av Noreg i diktet «Nore».

Kulturell bruk

  • «Svea» (1811) er eit dikt av Esaias Tegnér.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 110 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Svea som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg