Faktaboks

Svanøy
Etymologi
etter erkebiskop Hans Svane

Svanøy er ei øy i Kinn kommune i Vestland fylke. Øya ligg ved munningen av Førdefjorden. Arealet er 10,3 kvadratkilometer, og der bur omkring 50 innbyggjarar (2019).

Natur

Svanøy er småknausete med høgder opp til 235 meter over havet. Kambrosiluriske sedimentsbergartar har gitt eit fruktbart jordsmonn. Øya er kjend for eineståande flora og rik fauna.

Historikk

Søraust på øya ligg Svanøy gard. Tidlegare var det også kopargruver og saltkokeri på øya, og det finst spor etter tidleg busetjing, mellom anna helleristningar. Det finst ein offerplass frå vikingtida og ein steinkross som er reist til ære for Olav den heilage. På 900-talet hadde Eirik Blodøks sete på Svanøy. Etter reformasjonen blei Svanøygodset krongods. Haugianarane brukte garden som hovudkvarter.

Hjort og laks

På Svanøy ligg Norsk Hjortesenter, som er nasjonalt kompetansesenter for viltlevande hjort og oppdrettshjort. Det blir også drive oppdrett av og forsking på laks.

Namn

Namnet er etter erkebiskop Hans Svane, som var eigar av garden frå 1662. Før dette heitte øya Bru.

Kart

Svanøy
Svanøy
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg