Svanhild Mundheim

Faktaboks

Svanhild Mundheim

Svanhild Gunvor Mundheim

Født
29. mars 1920, Bergen, Vestland
Død
26. oktober 2014, Oslo

Artikkelstart

Svanhild Mundheim var programleiar og nynorsk hallodame i NRK.

Bakgrunn

Svanhild Gunvor Mundheim var fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland), voks opp på Mundheim i Varaldsøy (no Kvam) i Hardanger og døydde i Oslo. Ho tok examen artium på engelsklina ved Firda gymnas i 1940, lærareksamen ved Levanger off. lærarskole i 1942 og tok også handelsskuleutdanning. I åra 1942–1945 arbeidde ho ved Haus forsyningsnemnd og i 1945–1946 var ho lærar i Os i Hordaland.

NRK

I 1946 fekk ho eit sommarvikariat ved NRKs avdelingskontor i Bergen og vart fast tilsett som sekretær for leiaren for kontoret, Einar Meidell Hopp. Ho arbeidde ved bergenskontoret fram til 1961. Året 1949–1950 hadde ho permisjon og heldt til ved BBCs norske avdeling i London. Ved BBC tok ho også det såkalla «Staff training course», som gav innføring i radioarbeid og programpresentasjon.

Ho vart tilsett som nynorsk hallodame – programvert – i NRK på Marienlyst i 1962 og hadde denne stillinga til ho gjekk av med pensjon i 1989. Ei tid var ho også programleiar for den populære programposten Ønskekonserten. I radioen vart ho kjend for røysta si, og for godnatt-orda ved sendeslutt. Ingvar Moe skreiv eit dikt om det, «Stemma hennar Svanhild».

Liksom dei eldre, mannlege nynorskpionerane i NRK – Karl C. Lyche, Hartvig Kiran og Arthur Klæbo – møtte ho den første tida harde åtak for språket sitt frå bokmåls- og riksmålsfolk. «Når åtaka på nynorsken er som verst, ønskjer eg ofte: Gjev eg var i eit språkpolitisk nøytralt land!» skreiv ho i 1965 jubileumsboka Studentene fra 1940.

Anna engasjement og utmerkingar

Mundheim omsette òg lærebøker frå bokmål til nynorsk. I 1985 vart ho tildelt Kringkastingsprisen for framifrå bruk av nynorsk i radioen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Magnhild Bruheim: Lykkeland. Minne frå slagerbøkene. Oslo 2000
  • Hans Fredrik Dahl og Henrik G. Bastiansen: Over til Oslo. NRK som monopol 1945–1981. Oslo 1999
  • Gunnar Gran: Men radioen var ikke død. Oslo 2000
  • Arthur Klæbo: Radioliv med NRK i 50 år. Oslo 1983
  • Tryggve Juul Møller: Studentene fra 1940. Oslo 1965
  • Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø (red.): Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år 1955–2005. Oslo2005

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg