Faktaboks

Susan Ferrier

Susan Edmonstone Ferrier

Uttale
fˈeriə
Fødd
7. september 1782, Edinburgh, Skottland
Død
5. november 1854, Edinburgh, Skottland
Susan Ferrier
Av .

Susan Ferrier var ein skotsk forfattar av tre romanar som blei mykje lesne på 1800-talet, men mindre seinare.

Skotske romanar

Susan Ferrier blei inspirert av Maria Edgeworth sin store suksess med irske romanar, og dels også av landsmannen Walter Scott, som var arbeidskollega av far hennar ein periode. Romanane hennar går ikkje berre føre seg i Skottland, men gir også levande inntrykk av skotsk språk og liv.

Ho skildra alltid det skotske miljøet med humor og satire. Scott omtalar henne som ein person med godt humør og vidd, og heilt fri for det affekterte. Han nemner henne elles i same andedrag som Maria Edgeworth og Frances Burney, same kor ulike dei tre er. Og Ferrier har nokre gonger vore kalla den skotske Jane Austen, seinast av krimforfattaren Val McDermid i eit forsøk på å fornye interessa for Ferrier (i avisa The Observer, 2017).

Anonym trilogi

Den første romanen, Marriage, kom i 1818, og har også kome i moderne utgåver. Den andre var The Inheritance (1824). Og den siste, Destiny (1831), fullførte det som nokre gonger blir sett på som ein laus trilogi.

Som veldig mange andre romanforfattarar, ikkje minst kvinner, gav Ferrier ut alle bøkene anonymt. Ho erklærte at ho ikkje ville ha noko av alt bryet og oppstusset som følgde med eit berømt forfattarskap. Namnet hennar kom ikkje på trykk før i ei utgåve i 1851, då ho hadde tre år att å leve. Likevel visste dei som kjende henne at ho var forfattaren.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Cullinan, Mary, Susan Ferrier, Boston: Twayne Publishers, 1984.
  • Price, Leah, 'The poetics of pedantry from Thomas Bowdler to Susan Ferrier', Women's Writing, Taylor and Francis, Vol. 7 (1), 75-88, 2000.
  • Thorpe, Vanessa, 'Resurrection woman: Crime writer revives the reputation of Scottish 'Jane Austen', The Observer, 30 Dec 2017.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg