Møre og Romsdal fylke
Infinitivsendingar
Infinitivsendingar
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0
Møre og Romsdal fylke

Dialektene på Sunnmøre har palatalisering av lange dentalar både i trykksterk og trykksvak staving: ballj, mannj, mannjenj. Dette særdraget blir i dag til dels borte hos dei unge, som då seier ball, mann og mannen (med vanlege dentalar). Bildet ovanfor er frå Hjørundfjorden i Ørsta kommune.

Av /KF-arkiv ※ Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Dialektane på Sunnmøre høyrer til det vestnorske dialektområdet.

Sunnmøre har frå gamalt av vore orientert sørover. Området låg under Gulatinget og var ein del av Bjørgvin bispedøme heilt fram til 1983. Kontakten sørover har sett merke på talemålet. På Midøya i Midsund kommune går ei skarp språkgrense mellom Romsdal og Sunnmøre. På Romsdals-sida vil det heita en haLv kaLv ligg i ælven å fLyt på ei fjøL (L makrerer tjukke l -ar), medan det på Sunnmørs-sida heiter æ(i)nnj halv’e kalv ligg’e i ælvinnje å flyte på æi fjøl.

Sunnmørsmålet har tradisjonelt ikkje tjukk l eller retrofleksar, noko som skil målet frå romsdalsk i nord. På dette punktet skjer det i dag endringar.

Lydverk (fonologi)

Den musikalske utforminga (intonasjonen) av kvart tonem varierer i norsk. Me snakkar då om tonegangen i orda. Tonegangen kjem klarast fram i ord som bygda, boka, døra (tonem 1-ord). I sunnmørske mål som elles i vestlandske og nordnorske mål har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell så mot slutten av ordet. Dette blir kalla høgtone. I det austnorske målområdet har slike ord låg tone først i ordet, og tonen stig deretter mot slutten av ordet, kalla lågtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved Lillesand på Agder.

Vokalar

Den gamle sunnmørsdialekta hadde eit uvanleg rikt vokalsystem, med 15 ulike vokalar i tillegg til dei gamle diftongane. Gammalnorske lange og korte vokalar blei uttrykte ved forskjellige vokalkvalitetar. Det var skilnad på vokalane i å vike (verb) og ei vike (substantiv) og tilsvarande skilnad på å fyre og fyre (føre og framfor). I yngre mål er det i dag mykje samanfall mellom desse vokalane. Eldre sunnmørsmål hadde dette vokalsystemet:

Trong i (í) blir uttalt som rein i eller som rundare ij.

Trong e (é) blir uttalt som rein e eller som rundare ej/ey.

Trong y (ý) blir uttalt som rein y eller som rundare yj.

Trong u (ú) blir uttalt som rein u eller som rundare øu.

Trong o (ó) blir uttalt som rein o eller som rundare ou/åo.

Uttalen ej for 'eg', eigentleg 'é(g)' kjem av tronge é-vokalen (é) som ein kan høyra i andre ord som knej for 'kne', trej for '3'.

Synste Sunnmøre har ofte gamal open i i ord der uttalen vert vid (ved) og frid (fred). Lengre nord fell open i ofte saman med trong e og lyder som vej og frej.

Nørdre Sunnmøre har helst ø for open o, så der blir uttalen køl (kol) og ømn (omn). Søre Sunnmøre har helst open o eller å, så der er uttalen kål/kòl og åmn/òmn.

Halvemål

I gammalt sunnmørsmål fann ein også særdraget «halvemål» med bortfall av h- i framlyd: å øppa (å hoppa), ans (Hans), and (hand), og med nyinnsett -h- i andre ord, som hinkje (inkje), håss (oss). Forklaringa på halvemålet ligg i setningsrytmen. Halvemålet blei brukt i setningar med sterkt trykk på visse ord. Fenomenet halvemål blir i dag borte i dei sunnmørske dialektene.

Palatalisering

Dialektene på Sunnmøre har palatalisering av lange dentalar både i trykksterk og trykksvak staving: ballj, mannj, mannjenj. Dette særdraget blir i dag til dels borte hos dei unge, som då seier ball, mann og mannen (med vanlege dentalar). Det tradisjonelle sunnmørsmålet har som nemnt ikkje tjukk l eller retrofleksar, slik ein finn det i Romsdal. I dag vinn likevel retrofleksane av r + d, l, n, s, t innpass i delar av sunnmørsk, og særleg i byen Ålesund. Det skjer i ord som fæɖi (ferdig), suʈ (surt), gaɳ(garn), veʂ (vers) og andre.

Uttalt -d

Sunnmørsk har tydeleg uttale av begge konsonantane i ord som hand, kveld, land og ting.

Konsonanten d blir i sunnmørsk uttalt i fleire ord der han er fallen bort i andre dialekter. Det heiter på mykje av Sunnmøre æ(i)nnj saud, æ(i)nnj seid og æi bud (sau, sei og bu), og det heiter å træde æ(i)nnj tråd og å vade i det vide og breide. På Nordre Sunnmøre står denne d-en helst berre etter u og au (bud og saud). I eldre sunnmørsmål kunne d-en bli uttalt som ð i visse ord (det vil seia ein uttale som frikativ d, «stungen d» som i gammalnorsk). Lyden fanst i ord som tråd og breid og andre. I dag blir d-en uttalt som vanleg dental plosiv.

Tonelag (tonem)

Dei sunnmørske dialektene har, som det meste av norsk talemål, to tonelag. Desse kallast tonem 1 og tonem 2. Tonelaga kan skilja ord frå kvarandre, jamfør ordparet bønder (tonem 1, fleirtal av bonde) og bønner (tonem 2, fleirtal av ei bønne), huse (huset, tonem 1) og å huse (verb, tonem 2).

Tonegang

Den musikalske utforminga (intonasjonen) av kvart tonem varierer i norsk. Me snakkar då om tonegangen i orda. Tonegangen kjem klarast fram i ord som bygda, boka, døra (tonem 1-ord). I sunnmørske mål som elles i vestlandske og nordnorske mål har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell så mot slutten av ordet. Dette blir kalla høgtone. I det austnorske målområdet har slike ord låg tone først i ordet, og tonen stig deretter mot slutten av ordet, kalla lågtone. Grensa mellom høgtone og lågtone går ved Lillesand på Agder.

Formverk (morfologi)

E-mål

Sunnmøre har, saman med Romsdal i nord og Sunnfjord, Nordfjord og Ytre Sogn i sør, det nordvestlandske e -målet. Det vil seie e-ending i infinitiv og ubunden form eintal av svake hokjønnsord: å kome, å lese og ei vike, ei vise. Sunnmøringane seier fare og vere med lang vokal, medan nordmøringane seier farra og værra med kort vokal og a-ending.

Substantiv

Sterke og svake hokjønnsord har ulik ending i bunden form eintal (kløyvd hokjønn): bygda og viså. Sunnmørsk har som romsdalsk levande dativbruk: hannj sat på hesta og dei va i bygdinje.

Sunnmøre har trestava former i bunden form fleirtal av substantiva: kalvanje, hananje, skålenje, visenje.

Nokre stader på Søre Sunnmøre har endings-n-en falle bort i adjektiv og i bunden form eintal av hankjønnsorda. Det heiter gutì e galì (guten er galen) og portì e opì (porten er open).

Substantivbøyinga på Sunnmøre illustrert ved døme frå Volda
Hankjønn ubunden form eintal bunden form eintal ubunden form flertal bunden form fleirtal
hest hestì hesta hestanje
dativ hesta hestå
time timì tima timanje
dativ tima timå
hane hanì hana hananje
dativ hana hanå
Substantivbøyinga på Sunnmøre illustrert ved døme frå Volda
Hokjønn ubunden form eintal bunden form eintal ubunden form flertal bunden form fleirtal
bygd bygda bygde bygdìnje
dativ bygdìnje bygdå
vise viså vise visìnje
dativ visìnje viså
vìke vìkå vìke vìkìnje
dativ vìkìnje vìkå
Substantivbøyinga på Sunnmøre illustrert ved døme frå Volda
Inkjekjønn ubunden form eintal bunden form eintal ubunden form flertal bunden form fleirtal
hus huse hus husa
dativ husa huså

Pronomen

Pronomenet i 1. person eintal heiter på Sunnmøre ej (som engelske 'hey'), e, ei, ai eller i, etter som ordet har trykk eller ikkje: de va ei som gjorde de (trykksterkt, det var eg som gjorde det) eller viss i skullje gjort de (trykklett form). På Nørdre Sunnmøre brukar ein forma oss eller øss i 1. person fleirtal, slik ein høyrer det mellom anna i delar av Romsdal og i Gudbrandsdalen: Oss sei oss, oss. Nokre bygder har fleirtalsforma me eller mid. I bygdene i sør, som grensar til Nordfjord, er forma vi det vanlege.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bruaset, Oddgeir (1999): Sunnmøre og sunnmøringen. Oslo: Det norske Samlaget.
  • Buset, Johannes (1935-36): Dativen i Sunnmørsmålet. Ålesund.
  • Hoff, Odd Norman (1977): Oversyn over Sunnmørsmålet. Trykt i Hoff, Ingeborg (red.) På leit etter ord. Heidersskrift til Inger Frøyset frå medarbeidarar og studentar (= Skrifter frå Norsk Målførearkiv). Universitetet i Oslo. (Side 165-182).
  • Hagström, Bjørn (1983): Frikativt d i sunnmørsmålet. Trykt i Maal og Minne 1983, hefte 1-2.
  • Nordal Muri, Alv G. (1977): Kvister eller ei grein? Korleis er språket i Møre og Romsdal? Trykt i Pio Larsen (red.): Bygd og by i Norge. Møre og Romsdal. Oslo: Gyldendal. (Side 348-357).
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn (2012): Det norske dialektlandskapet. Innføring i studiet av dialekter. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.
  • Ramstad, Leif (1985): «Glimt frå Sunnmørsmålet». Trykt i Program for landsmøtet i Noregs Mållag. Ørstad.
  • Sandøy, Helge (1990): Sunnmørsk. Trykt i Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store Dialektboka. Oslo: Novus. (Side 71-72).
  • Worren, Dagfinn (1980): Om bortfall av palatal nasal på Søre Sunnmøre. Trykt i Maal og Minne 1980, hefte 3-4. (Side 193-214).

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg