Sudndalen er eit dalføre i Hol kommune i Buskerud fylke. Sudndalen er den øvre delen av Holsdalføret, mellom Bry bru og Strandavatnet (978–950 meter over havet) og har rundt 70 innbyggjarar (2019). I den nedre delen ligg Sudndalsfjorden (733 meter over havet; 1,8 kvadratkilometer i areal). Frå Strandavatnet og gjennom dalen renn Storåne (òg kalla Holselva) til møtet med Hallingdalselva.

Gjennom Sudndalen går fylkesveg 50 (Hol–Aurland). Dalen har mykje turisttrafikk og har fleire hotell og pensjonat, hyttesenter med meir, og dessutan alpinanlegg. I dalen ligg det fleire freda gardar.

Namnet

Første ledd i namnet er elvenamnet Surn, truleg av surne, 'risle eller nynne'.

Kart

Sudndalen
Sudndalen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg