Ståle er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Stáli av ordet stál som tyder ‘stål; herda jern’.

Namnet har fleire variantar: Stål, Ståle, Staale.

Namnedag er 5. desember. Stine har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Ståle

Eksempel på ein person med namnet Staale som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 608 menn i Noreg som hadde Ståle som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Dei fleste namna av denne typen hadde ein toppfase som låg innanfor perioden 1945–1979. Dette gjeld til dømes Are, Arve, Atle/Asle, Bjarte, Børge, Frode, Gisle, Helge, Inge, Jarle, Ove, Rune, Ståle, Terje, Yngve og Åge.

Utvikling i bruk av namnet Ståle frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Ståle frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ståle på 1800-talet.

Staale var eit spesielt namn for Vest-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ståle på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Staale var eit spesielt namn for Vest-Agder. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også nokre få belegg på Ståle på 1800-talet.)

Historisk bruk av namnet Ståle
Historisk bruk av namnet Ståle
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg