Strandbuen er ei lokalavis som kjem ut på Jørpeland to gonger i veka. Avisa blei grunnlagd i 1964 og er eigd av Amedia etter at aviskonsernet kjøpte opp Nordsjø Media AS i 2018. Strandbuen dekkjer kommunane i ytre Ryfylke, Strand, Forsand og ein god del av Hjelmeland. Avisa nyttar både nynorsk og bokmål.
Strandbuen (avis)
Faktaboks
- Offisielt namn
- STRANDBUEN AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Jørpeland
- Stifta
- 1964
- Dagleg leiar
- Thomas Espevik
- Styreleiar
- Ole Morten Ringdal
Digitalt
Strandbuen publiserer stoffet både på papir og nett, og har hatt nettavis sidan 2019. Same året vart ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar innført. Ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening er talet på lesarar på nett- og papirutgåva i gjennomsnitt totalt 11 630 (fjerde kvartal 2023).
Historie
Opplagstall for Strandbuen, 1986-2022
1986 | 2775 |
---|---|
1988 | 2840 |
1990 | 2951 |
1991 | 2947 |
1992 | 2988 |
1993 | 3021 |
1994 | 3050 |
1995 | 3146 |
1996 | 3313 |
1997 | 3325 |
1998 | 3554 |
1999 | 3673 |
2000 | 3771 |
2001 | 3802 |
2002 | 3889 |
2003 | 3919 |
2004 | 4068 |
2005 | 4242 |
2006 | 4217 |
2007 | 4354 |
2008 | 4458 |
2009 | 4410 |
2010 | 5248 |
2011 | 5261 |
2012 | 5295 |
2013 | 5118 |
2014 | 5069 |
2015 | 5021 |
2016 | 4829 |
2017 | 4759 |
2018 | 4770 |
2019 | 4914 |
2020 | 5206 |
2021 | 5197 |
2022 | 5185 |
Papiropplag
1987 | 2690 |
---|---|
1990 | 2951 |
2008 | 4458 |
2018 | 4609 |
Avisa blei grunnlagd i 1964 av Jørpeland Handelsforening, med Andor Fjelde og Finn Rasmussen som initiativtakarar. Dei næringsdrivande hadde behov for eit meir lokalt annonseorgan enn regionavisa Stavanger Aftenblad, der annonsane frå Strand lett drukna i alt det andre annonsestoffet. Kommunen har alltid hatt eit kort ferjesamband frå Tau til Stavanger, så ein viss handelslekkasje var det nok også eit ønske om å motverke.
Avisa var dei første åra gratisavis og kom ut berre fire–fem gonger i året. Ho blei laga av ei redaksjonsnemnd, og sidan sendt til trykking i Sauda Boktrykkeri. Annonsar og stoff om det lokale næringslivet fekk naturleg nok stor plass. Avisa fekk dei gunstige verknadene på det lokale næringslivet som grunnleggjarane hadde håpa. Næringsdrivande også utanfor kommunesenteret Jørpeland slutta seg til, og berre etter eitt år, i 1965, skifta handelsforeininga namn frå «Jørpeland Handelsforening» til «Strand Handelsforening».
I 1975 blei avisa gjort om til eit aksjeselskap. Alle partar fann det naturleg å gjere avisa til ei meir «normal» lokalavis, med ein tilsett redaktør og betalt abonnement. Samstundes fekk avisa ny bladbunad, noko mindre format, og blei sendt til trykking i Rogalands Avis i Stavanger. Den «nye» avisa kom først ut ti gonger i året, men allereie året etter kom ho ut kvar torsdag. Same året inviterte leiinga flest muleg til å kjøpe aksjar i avisa; til då var det mest handelsfolket i kommunen som dominerte på eigarsida.
I 2001 blei Strandbuen kjøpt opp av Jæren Avis AS som også eigde andre lokalaviser i den same regionen. Selskapet endra namn til Nordsjø Media AS og blei i 2018 kjøpt opp av Amedia. Strandbuen blir no trykt i Egersund, hos Dalane Tidende.
Opplag
År | Opplag |
---|---|
2015 | 4986 |
2018 | 4609 |
2019 | 4914 |
2020 | 5206 |
2021 | 5197 |
2022 | 5185 |
2023 | 5079 |
Til og med 2018 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening for andre halvår.
Fakta
- Første nr. i juli 1964.
- Første nr. med betalingsabonnement i 1975.
Les mer i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser; 18.110 Trykking av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.