Stranda

Faktaboks

Landareal
845 km²
Innbyggertall
4467 (2022)
Administrasjonssenter
Stranda
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggernavn
strandar
Målform
nynorsk
Kommunenummer
1525
Høyeste fjell
Blåfjellet (1775 moh.)

Kommunevåpenet til Stranda kommune har to spisse blå flanker mot ein gullfarga bakgrunn

Stranda

Stranda. Hellesylt sentrum ligg inst i Sunnylvsfjorden ved Hellesyltfossen. Vegen langs Sunnylvsfjorden høyrer til Vestlandet sine store fjordvegar, med praktfull utsikt innover Geirangerfjorden. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.
Kart
Kart som viser hvor Stranda kommune ligger i Møre og Romsdal
Av /Store norske leksikon ※.
Synnylvsfjorden
Sjøforsvarets fregatt KNM Roald Amundsen på seilas i Sunnylvsfjorden.
Av /Forsvaret.

Artikkelstart

Stranda er ein kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen omfattar områda omkring indre del av Storfjorden med fjordarmane Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden, samt fjelltraktene omkring. Desse strekkjer seg i søraust og sør til grensa mot høvesvis Innlandet og Vestland fylke.

Stranda vart oppretta som kommune i 1837 ved etableringa av det lokale sjølvstyret. Kommunen vart i 1892 delt ved utskiljing av Stordal. Etter denne delinga utgjorde Stranda 276 kvadratkilometer og hadde 1521 innbyggjarar. Stranda fekk dei noverande grensene sine i 1965, ved ei samanslåing med Sunnylven. Då hadde Stranda si befolkning auka til 3437 innbyggjarar.

Stranda grenser i nordaust og aust til Fjord, i søraust til Skjåk i Innlandet, i sør til Stryn i Vestland, i sørvest til Volda, i vest til Ørsta og i nordvest til Sykkylven.

Natur

Geiranger

Berggrunnen i Stranda høyrer til grunnfjellet, men har ein struktur som er sterkt påverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga (kaledonske orogenese). Gneis av ulike typar er dominerande bergart. Enkelte stader er det mindre førekomstar av mørkare (ultramafiske) djupbergartar, (mellom anna sør for Stranda tettstad) og eklogitt (øvst i Strandadalen). Det er likeins førekomstar av olivin. Dette er bergartar som har trengte seg opp gjennom gneisdekka eller vorte blottlagde ved erosjon i desse dekka.

Landskapet i kommunen har alpin karakter med toppar som i vest når 1691 meter over havet (Kvitegga i Strandas del av Sunnmørsalpane), i aust 1775 meter over havet (Blåfjellet aust for Geiranger, det høgaste fjellet til kommunen), og med fjellsider som stuper bratt ned i fjorden frå 700–900 meter over havet i ytre del av kommunen og opptil 1500 meter over havet lengst inne. Utforminga av det kraftige relieffet i landskapet er eit resultat av særleg fire forhold: dei harde bergartane i grunnfjellet, strukturane i berggrunnen skapt av faldinga i kaledonsk tid, den seinare landshevinga i tertiærtida, og ikkje minst iserosjonen gjennom fleire istider dei siste 900 000 år.

Åkneset, midt på vestsida av Sunnylvsfjorden, er det eit svært rasfarleg parti som kan forårsake ei katastrofal flodbølgje når det ein gong rasar ut i fjorden. Sprekkdanninga vart oppdaga i 1983 og fjellpartiet har sidan vore under kontinuerleg overvaking, med hjelp av stadig meir avansert måleutstyr.

Geirangerfjorden er ein verdskjend turistattraksjon som i 2005 vart oppførte på UNESCOs Liste over kultur- og naturarven i verda.

Lågare land finst i tronge dalar ved botnen av fjordane og i Strandadalen. Av kommunearealet ligg 70 prosent høgare enn 600 meter over havet.

Busetnad

Busetjinga i Stranda viser ein sterk konsentrasjon til tettstaden og administrasjonssenteret Stranda og i det gode jordbruksområdet i Strandadalen ovanfor. Her bur rundt 76 prosent av befolkninga til kommunen (2020). Det er òg relativt tett busetjing i grenda Liabygda på austsida av Storfjorden og i Geiranger inst i Geirangerfjorden, begge stader med rundt fem prosent av befolkninga til kommunen. Resten av befolkninga, rundt 15 prosent, er fordelte mellom Hellesylt i botnen av Sunnylvsfjorden, med dei korte dalane innanfor, og vestsida av Sunnylvsfjorden, med høvesvis 13 og 2 prosent.

I 2019 budde 71 prosent av Strandas befolkning i tettstader. Forutan kommunesenteret Stranda gjeld dette Hellesylt. Same år budde til samanlikning 73 prosent av befolkninga i fylket samla sett i tettstader.

Folketalet i kommunen viste jamn vekst frå andre verdskrigen og fram til omkring 1970. Det låg nokså stabilt på 1970-talet, men viste noko nedgang på 1980-talet. Frå rundt 1990 har folketalet stort sett vore stabilt, også i tiårsperioden 2010–2020, mot ein vekst på gjennomsnittleg 1,1 prosent årleg for Sunnmøre og 0,7 prosent i fylket samla sett (basert på kommune- og fylkesinndelinga i 2020).

Næringsliv

Jordbruket er i stor grad basert på mjølkeproduksjon og saue- og geitehald. Stranda har størst geitehald blant kommunane på Sunnmøre, men har òg eit betydeleg sauehald (2019). På dei lunaste stadene ved fjorden blir det dyrka frukt. I 2019 var tre prosent av arbeidsplassane i Stranda i primærnæringane.

Stranda er likevel først og fremst ein industrikommune. I 2019 var 32 prosent av arbeidsplassane til kommunen i industri, 46 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon.

Industriutviklinga i Stranda byrja i 1907 med eit korgmøbelverkstad. Ei rekkje møbelfabrikkar vart etter kvart etablerte, og i 2019 utgjorde møbelindustrien 15 prosent av industrisysselsetjinga. Dominerande industribransje etter sysselsetjing er likevel næringsmiddelindustrien, med mellom anna Stabburet Stranda (mellom anna Pizza Grandiosa) og Grilstad AS avdeling Stranda (kjøttvarer). Desse hadde 70 prosent av dei sysselsette i industrien i 2019. Elles har kommunen mindre innslag av verkstadsindustri (i alt elleve prosent), samt maskinindustri (seks prosent), metallvareindustri (fem prosent) og gummi-, plast- og mineralsk industri (tre prosent).

Turisttrafikken har stor økonomisk betydning fleire stader i kommunen, men har ei særleg betydning i Geiranger. I Hevsdalen vest for kommunesenteret ligg Strandafjellet Skisenter.

Stranda er ein relativt liten kraftkommune med i alt tolv kraftverk som har ein samla maskininstallasjon på 49 MW og ein mellomliggjande årsproduksjon på 198 gigawattimar (GWh) per 2019. Største kraftverk etter årleg produksjon er Fausa II på austsida av Storfjorden nord for kommunesenteret med 44 GWh, største fallhøgd har Embla i Strandadalen med 412 meter.

Stranda har nettoinnpendling, det vil seie at kommunen har fleire arbeidsplassar enn busette yrkestakarar. Stranda har på denne bakgrunnen svært låg utpendling, og av same årsak større innpendling enn vanleg for kommunar på storleik med Stranda. Av Stranda sine busette yrkestakarar har 17 prosent arbeid utanfor kommunen, med fire prosent i Sykkylven og tre prosent i både Ålesund og Fjord (2019 etter kommuneinndelinga frå 2020). Dei fleste innpendlarane kjem frå dei same tre kommunane.

Samferdsel

Stranda sentrum
Stranda sentrum med fergeleiet og Storfjorden utover i bakgrunnen
Stranda sentrum
Lisens: CC BY SA 3.0

Fylkesvei 60 frå Ålesund går via Sykkylven gjennom Stranda og Hellesylt til E39 i Grodås i Volda og vidare via Stryn tilbake til E39 i Byrkjelo i Vestland. Stranda tettstad har ferjesamband med Liabygda på austsida av Storfjorden. Derfrå går fylkesveg 650 langs fjorden til Sjøholt og E39 (KristiansandTrondheim) og E136 (Ålesund–Dombås). Frå Hellesylt er det ferjesamband inn Geirangerfjorden til Geiranger.

Frå Geiranger går fylkesveg 63 i eit imponerande veganlegg opp dei stupbratte dalsidene mot søraust over fjellet til Grotli i Skjåk kommune i Innlandet, likeins opp den stupbratte fjellsida på nordsida av Geirangerfjorden (Ørneveien) og over fjellet til Eidsdal ved Norddalsfjorden. Frå fylkesveg 63 ved Djupvasshytta førar den private Nibbevegen til toppen av Dalsnibba (1476 meter over havet) med ei storslått utsikt.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Stranda høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sunnmøre regionsråd.

Stranda kommune svarer til dei fire sokna Geiranger, Liabygda, Stranda og Sunnylven i Nordre Sunnmøre prosti (Møre bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Stranda til Søndmør fogderi i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Stranda

For statistiske formål er Stranda kommune (per 2019) delt inn i to delområde med til saman 18 grunnkrinsar:

  • Stranda/Liabygda: Liabygda, Ødegard/Langlo, Langlo, Storgjerde, Sløgstadmarka/Ringstad, Ringstad, Sløgstad, Kjølås, Hagen/Helsemfeltet, Bygda, Furset, Helstad, Fjørstad
  • Sunnylven/Geiranger: Hellesylt, Tronstad, Hauge, Bjørdal/Frøysa, Geiranger

Historikk og kultur

Dei fleste attraksjonane i kommunen ligg i og rundt Geiranger. Langs Geirangerfjorden er det fleire flotte fossefall, mellom anna Dei sju systrene og Friaren, som ligg på kvar si side av fjorden. Storfjordens venner har sidan 1975 gjort mykje for å vedlikehalda kulturlandskapet rundt fjorden. Aust for Geiranger er det bilveg til topps på Dalsnibba, 1476 moh. Vegen nordover frå Geiranger, forbi Ørnesvingen og vidare til Trollstigen i Rauma går under namnet The Golden Route. I Geiranger ligg Norsk Fjordsenter, som opna i 2002, og som dokumenterer kvardagslivet ved fjordane på Vestlandet.

Stranda Skisenter er det største alpinanlegget på Nordvestlandet. Anlegget har gondolheis og fleire serveringsstader.

Sunnmøringen er lokalavis for Stranda kommune og har hovudkontor i Stranda. Avisa kom ut første gongen 16. mai i 1946. Avisa er redigert på nynorsk.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent 1986) har to spisse blå flankar mot ein gullfarga bakgrunn. Dette illuderer fjord og fjell.

Namnet er bestemt form eintal av strand.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Kjølås, Gerhard og Olav Langlo: Stranda bygdebok, 1954–1964, tre bind
  • Lillebø, Peter Andreas med flere: Sunnylven og Geiranger, andre utgave, 1993–1999, to bind

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg