Kart Storegga

Storeggaskredet, i gult, kan vera verdas største skred. Raude prikkar syner der det er kartlagt spor etter tsunamibølgja som vart utløyst av skredet.

Kart Storegga
Lisens: CC BY SA 3.0
Storeggaskredet
Storeggaskredet ligg i Norskehavet mellom Vøringplatået, Nordsjøvifta og Vest-Noreg. Det gule-olivenfarga området er skredgropa. Prikka liner syner mindre skredkantar. Skredet har gått djupast ned i sedimentlaga sentralt i skredgropa, til lag S2. Dei svake laga i skredgropa som massane har glide på er konturittar (O3, R2 og S2) – synt med raude piler og ulik farge. Stipla line syner omtrentleg kysten av Noreg.
Storeggaskredet
Lisens: CC BY SA 3.0

Storeggaskredet var eit undersjøisk skred som gjekk for cirka 8150 år sidan i Norskehavet. Det er sagt å vera det største skredet som er kartlagt på jorda.

Faktaboks

Etymologi

Storegga betyr den store kanten, -egga er same ordet som i knivsegg.

Også kjend som
Eggaskredet, Eggaraset

Den bratte kanten bak skredgropa er 310 kilometer lang. Flatemålet til massane som rasa ut er nesten like stort som Belgia. Skredmassane er vurderte til eit volum på 2400–3200 km3 – det svarar til eit 25–30 centimeter tjukt lag som ville ha dekka heile USA.

Skredet utløyste ein svær tsunami som det er spor etter langs Norskekysten, frå Bømlo i sør til Nordkapp i nord, i Skottland, på Shetland og på Færøyane.

Den lange skredkanten, bakveggen, fekk namnet ‘Storegga’ av norske fiskarar. I meir enn 300 år er det dokumentert fiske på Storegga, og langs skredkanten er fisket ofte godt. På innsida av skredet, mot Noreg, er vassdjupet om lag 250 meter, men på utsida av skredkanten søkk djupet til 500–600 meter. I den sentrale delen i skredgropa manglar 300–400 meter tjukke sediment, som har rasa ut.

Tabell over storleik og alder

Storeggaskredet Tal
Arealet av heile skredet 95 000 km2
Arealet av skredgropa (det som rasa ut) 27 000 km2
Lengde på skredkanten/bakveggen 310 kilometer
Brattaste helling på skredkanten 35°
Utlaupslengde, total 810 kilometer
Vassdjupet øvst ved skredkanten 150–400 meter
Vassdjupet nedst i avsetjingsområdet 3800 meter
Gjennomsnittleg helling < 1,0°
Totalt volum 2400–3200 km3
Alder cirka 8150 år før notid (eldre steinalder)

Gassfeltet Ormen Lange

Ein av grunnane til at me veit mykje om Storeggaskredet er funnet av gassfeltet Ormen Lange, djupt under skredgropa. For å finna ut om skredkanten var stabil, slik at ein trygt kunne plassera installasjonar og røyrleidningar i skredgropa for å transportera gassen, vart det samla inn geologiske data frå heile skredområdet. Konklusjonen etter analysane av dette materialet var at skredkanten er stabil og at det er liten risiko for eit nytt skred. Gassfeltet vart sett i produksjon i 2007.

Skredmassane

Bakveggen av Storeggaskredet

Delar av bakveggen til Storeggaskredet sett frå nord mot sør. Skredet gjekk nedover til høgre. I den sentrale delen har skredet gått djupare ned i sedimentlaga. Grafikk: Christian Berndt, GEOMAR.

Av .

Massane som sklei ut er lag av morenemateriale i veksling med lag av leire og silt, såkalla konturittar. Under istidene gjekk det skandinaviske isdekket heilt ut til skråninga og avsette morenemateriale på sokkelen og nedover på skråninga. Dette materialet er relativt kompakt, med omtrent like mengder med leire, silt og sand. Då isbreen var borte, la mjuk leire og silt seg over morenematerialet. Denne leira, med høgt innhald av vatn i poreromma, vart avsett under den nordatlantiske havstraumen som strøymer nordover langs skråninga. Denne avsetjinga av silt og leire vert kalla ein konturitt. Namnet kjem frå ‘kontur’ og syner til at finstoffet er avsett langs linene som syner kotene på eit kart.

Alle glideplana for Storeggaskredet ligg i desse konturittane. Geotekniske undersøkingar synte at denne leira er mjuk, og at den har ein tendens til å miste styrke ved strekk og belastningar.

Skredmekanismen

Skuggekart og profil av skredgropa

Øvst er eit farga skuggekart av skredgropa. Gassfeltet Ormen Lange ligg rett nedom bakveggen, om lag 1900 meter under havbotnen. Under er eit profil langs den stipla lina på skuggekartet. Den «ruglete» profillina syner kaotiske skredmassar. Mykje av glideplanet er berre 0,3° bratt.

Skuggekart og profil av skredgropa
Lisens: CC BY SA 3.0

Skredet utvikla seg retrogressivt. Det betyr at skredet starta med ei mindre utgliding ein stad i den nedre delen av skråninga. Deretter forplanta skredet seg bakover og oppover skråninga ved at mindre og større bitar gleid ut i ein bakovergripande prosess. Prosessen stoppa til slutt øvst oppe ved eggakanten. Denne skredprosessen, der blokker med materiale glir på ei slak skråning, vert kalla lateral spreiing. Skredmekanismen for Storegga liknar mykje på korleis eit kvikkleireskred på land utviklar seg.

Prosessen

Skuggekart av den sentrale delen av skredgropa
Fargelagt skuggekart som syner den sentrale delen av skredgropa. Her går skredet djupast ned i lagfølgja. Laga O3, R2 og S2 har fungert som glidesjikt. Terrengdata: MAREANO/NHS, 3D visualisering: MAREANO/NGU.
Skuggekart av den sentrale delen av skredgropa
Av .

Mykje av skråninga der skredet glei er i praksis flatt, berre 0,3° til 2° helling. Korleis kan noko gli ut på så slake skråningar?

Ein viktig faktor er at fastheita til konturittlaga (leirelaga), som fungerte som glideplan, vart betydeleg svekka på grunn av strekk under skredprosessen. Avlastinga i den nedre delen av skråninga, frå den første utglidinga, sette att ein skredkant. Den tidlegare støtta frå massane nedom var no borte. Massane bakom og oppover skråninga pressa på nedover, og det vart eit lite sig i massane ned mot den nye skredkanten. Dette siget, kanskje berre på nokre titals centimeter, førte til eit strekk i leirelaget. Strekket gjorde at leira vart mjukare og svakare, truleg forsvann ein vesentleg del av styrken til laget. Denne prosessen vert kalla skjerstyrkereduksjon (på engelsk: strain softening) og er også typisk for kvikkleireskred.

Ein annan faktor er høgt poretrykk som også reduserer skjerstyrken. Når breen under istidene gjekk fram til Storegga, vart det dumpa mykje sediment oppå konturitten. Konturitten har mykje porerom mellom sedimentkorna. Vatnet i dette porerommet vart «fanga» under dei kompakte morenemassane og poretrykket auka slik at friksjonen mellom partiklane i konturittlaget minka og massane kunne lettare gli ut.

Utløysing

Men kva var det som sette Storeggaskredet i gong? Den retrogressive skredmekanismen forklart over forutset at noko løyser ut eller set i gong den første utglidinga ein stad nede i skråninga. Ein teori er at eit stort jordskjelv har utløyst det første skredet. Så forplanta skredet seg bakover, retrogressivt, ved skjerstyrkereduksjon, om lag som dominobrikkar når den første brikken fell bakover.

Tsunamibølgja

Skredet sette i gong ein stor tsunami. Avsetjingar frå tsunamien er funne i innsjøar nær havnivået langs norskekysten, i sedimenta i drukna elvedalar (estuarier) i Skottland og i torv på Shetland. Spora kan følgjast opp til 3–20 meter over dåtidas havnivå. Tsunamien er også modellert numerisk og syner korleis den forplanta seg inn i Nordsjøen, langs norskekysten og vestover til Shetland, Skottland, Færøyane og Island.

Alder

Den mest nøyaktige tidfestinga av hendinga er C-14-dateringar av mosestenglar, gravlagde i Storegga-tsunamiavsetjingar på land. Desse mosane var framleis svakt grøne på farge då dei vart funne, og som det er god grunn til å tru var i live og blei drepne under tsunamien. Desse er datert til 8140 ± 30 år før notid. Skal av foraminiferar som vart funne rett oppå skredavsetningane er daterte til 8200 ± 250 år før notid.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bryn et al. (2005). Explaining the Storegga Slide. Marine and Petroleum Geology 22, 11-19.
  • Bondevik, Stein (2019). Tsunami from the Storegga Landslide. In Robert A. Meyers (Ed.), Encyclopedia of Complexity and Systems Science (pp. 1–33). Springer.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg