Faktaboks

Store Skagastølstind
Storen
Storen frå hytta på Bandet
Skagastølstindane.

Skagastølstindane.

Store Skagastølstind er Noregs tredje høgaste fjell og ligg 2405 meter over havet. Fjellet er det høgaste i Hurrungane i Vest-Jotunheimen. Fjellet ligg på grensa mellom Årdal og Luster kommunar i Vestland fylke.

Geologi

Berggrunnen i Storen består av gabbro slik som det meste av Jotunheimen. Fjella er blant dei høgaste i Nord-Europa og tilhøyrer Den skandinaviske fjellkjeda.

Skagastølstindane
Store Skagastølstind (til høgre) er det tredje høgaste fjellet i Noreg.
Av .
Lisens: CC BY NC 2.0

Fjellklatring

William Cecil Slingsby var den fyrste som klatra Store Skagastølstind. Biletet visar Slingsby på Vesle Skagastølstind med Storen i bakgrunnen.

.

Briten William Cecil Slingsby klatra opp på Storen 21. juli 1876. Dette markerte starten på norsk fjellsport.

Første vinterklatretur på toppen var påska 1923 ved Boye Schlytter og Fridthjof Lorentzen. Dei klatra ei rute i sydvestveggen gjennom Andrews Renne som er oppkalla etter den engelske fjellklatraren Arthur Westlake Andrews. Denne ruta vart seinare den mest nytta vinterruta. Sommaren 1927 klatra Boye Schlytter, Ola H. Furuseth og Asbjørn Gunneng den 350 meter høge Sydveggen. Ruta var i mange år rekna som Noregs vanskelegaste klatrerute.

Sommaren 1976, 100 år etter Slingsbys førsteklatretur, klatra Hans Petter Fernander og Ulf Geir Hansen Vestveggen. Ruta har bratt og vanskeleg klatring, men har fast fjell og er ein av dei flottaste i Jotunheimen.

I dag er det omkring 20 ulike rutealternativ opp til toppunktet. Vanskegrada varierer, men alle alternativa krev klatrekompetanse og brei fjellerfaring. Storen er saman med Stetinden og Romsdalshornet blant Noregs mest krevjande fjell å klatre opp på. Den vanlege startstaden for ein tur på Storen er Turtagrø Hotel som ligg 884 meter over havet. Ein klatretur til toppen tek normalt 10–20 timar. På fine sommardagar er det ofte kø på dei mest populære rutene.

Dei ti første bestigningane (1876–1894)

Therese Bertheau
William Cecil Slingsby, Therese Bertheau og Ola Berge på galleria på Store Skagastølstind sumaren 1900.
Therese Bertheau
Av .
  1. William Cecil Slingsby klatra åleine opp Nordeggen – Slingsbys rute – 21. juli 1876.
  2. Harald Petersen klatra åleine opp Slingsbys rute 26. juli 1878.
  3. Johannes Thomassen Heftye med førarane Jens Klingenberg og Peder Melheim klatra Heftyes rute 14. juli 1880.
  4. Danske Alf Lehmann, C. F. Weis-Ernst og nordmannen I. N. Brun med førarane Peder Melheim og Nils Vetti klatra Heftyes rute 19. august 1882.
  5. Carl Hall med førarane Matias Soggemoen og Thorgeir Sulheim. Heftyes rute 5. august 1885.
  6. F. H. Fox og H. Fox med føraren Thorgeir Sulheim. Heftyes rute 1888.
  7. Hans Olsen Vigdal frå Luster klatra åleine opp ny rute til venstre for Heftyes rute: Vigdals sva, 1890.
  8. E. James Wooley og Benjamin Goodfellow med føraren Johannes Vigdal. Heftyes rute 29. juli 1891.
  9. J. Hoddinot med førarane Knut Forthun og Ole Øiene. Heftyes rute 27. juli 1894.
  10. Therese Bertheau (første kvinne på toppen), Joachim Holmboe Aarestrup, Andreas Saxegaard og Torstein Røine. Vigdals sva eller Tandbergs renne. 30. juli 1894.

Kart

Store Skagastølstind
Store Skagastølstind
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ben Johnsen: Jotunheimens stortopper: folk og fjell gjennom tidene (1991).
  • Helge Giverholt: Jotunheimens erobring (1946).
  • Arne Larsen: Storen. Historien om menneskene og klatringen på Store Skagastølstind i Jotunheimen. Fri Flyt 2014.
  • Norsk Tindeklub: Klatrefører for Jotunheimen (2015).
  • Den Norske Turistforening: Hovedregister til Den Norske Turistforenings Aarbøker 1868-1918 og 1919-1943.
  • Aasgaard, Jan. (2016) Jotunheimen gjennom historien. Dreyer forlag.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg