Stord er ei øy i Stord og Fitjar kommunar, Vestland fylke. Øya er nest størst i fylket etter areal, etter Osterøy. Stord ligg nord for Bømlafjorden, den ytre delen av Hardangerfjorden, har eit areal på 241,2 km2 og rundt 21 750 innbyggjarar (2020). Det er tettast busetjing i søraust. Her ligg kommunesenteret i Stord, Leirvik, med 14 198 innbyggjarar (2020). Stord har to andre tettstader: I sørvest ligg Sagvåg, og i nord ligg Fitjar, med høvesvis 3407 og 1773 innbyggjarar (2020).

Den søraustre halvdelen av øya høyrer til Stord kommune, den nordvestre halvdelen til Fitjar kommune. Øya er frodig og skogkledd. Det høgaste punktet er Mehammarsåta (749 meter over havet) i Stord kommune, omtrent midt på øya. Utsikta både frå Mehammarsåta og frå Stovegolvet (703 meter over havet), som ligg rundt fem kilometer sør for Mehammarsåta, er svært imponerande.

Stord er vel kjent frå sagaene og historia. På Fitjar ligg gravrøysa Rimsvarden på ei høgd midt i bygda. Her har ein også utsiktsplassen Storhaugen, der mennene til Håkon den gode oppdaga fienden før slaget ved Fitjar i 961.

Namnet har uviss tyding, men kjem av norrønt Storð. Det kan ha samanheng med ster-, som betyr 'raga opp', og siktar då til dei høgare delane av øya.

Kart

Stord
Stord
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg