Stjørdarlingen

Stjørdalingen var bøndene sitt blad i Stjørdal og bygdene rundt. I 1960-åra begynte avisa å slite økonomisk, og heller ikkje eit samarbeid med Trønder-Avisa var til hjelp. Men bladet kunne i det minste skilte med den yngste redaktøren i landet, den 18 år gamle John Arne Moen, då det gjekk inn i 1985.

Avisa Stjørdalingen blei etablert i 1924 og kom med det siste nummeret i 1985. Folk i Stjørdalen var vane med lokalavis då Stjørdalingen kom på bana. Alt i 1877 byrja Stjørdalens Tidende å kome ut. Denne avisa heldt fram til 1897. Året etter starta Stjørdalen Avis, som heldt det gåande til 1915. Då Stjørdalingen kom, var dette som eit framhald av avisa som hadde slutta i 1915, og som eit alternativ til det Venstre-radikale Stjørdalens Blad, som sidan 1892 var blitt gitt ut på Stjørdalshalsen. Stjørdalingen blei samstundes ein del av den framveksande bonderørsla og blei organ for det nye Bondepartiet.

Med Stjørdalingen fekk bygdefolket ei avis som i større grad la vekt på å dekkje landdistriktet. Stjørdalingen definerte seg som ei avis for bygdene, som var Skatval, Hegra, Lånke og Meråker, i tillegg til Stjørdal. Blant journalistane var Jon Leirfall, som seinare blei ein markant stortingspolitikar og forfattar.

Reidar Foss (f. 1891) var redaktør frå starten og fram til Johan Arnstad tok over i 1945. Stjørdalingen blei danna som aksjeselskap og hadde eige prenteverk. I mange år heldt redaksjonen og trykkjeriet til øvst i Kjøpmannsgata på Stjørdalshalsen. Avisa blei trykt på flattrykkspresse og var, så lenge «blytida» varte, nesten alltid på fire sider i stort format.

Stjørdalingen var ei allsidig nyhendeavis for heile Stjørdalen, men òg eit viktig kulturorgan, med lokalhistoriske artiklar og stoff om litteratur, kunst og tradisjon. Avisa kom i periodar ut to gonger i veka, og dei siste åra tre gonger. Økonomisk blei tidene vanskelegare for Stjørdalingen i 1960- og 70-åra. Eit samarbeid med fylkesorganet Trønder-Avisa i Steinkjer kom i stand. Stjørdalingen fekk eit forsprang på konkurrenten då avisa byrja å kome i offset og berlinerformat. Etter kvart kom Trønder-Avisa inn på eigarsida. Egil Hyldmo var redaktør i avisa frå 1977 til 1982. I hans tid avslutta Stjørdalingen samarbeidet med Trønder-Avisa.

Trass i overgang til tabloid, trykk i Arbeider-Avisa i Trondheim og endra utgivingsdagar gjekk avisa konkurs i 1984. Men avisa kom fort i gang igjen. Det blei skipa eit nytt aksjeselskap, med deltaking av lokallaga av Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Det liberale folkepartiet, men med redaktøren, John Arne Moen, som hovudaksjonær. Moen var på det tidspunktet den yngste redaktøren i landet, 18 år gamal. Stjørdalingen skulle no vere eit fellesborgarleg alternativ til konkurrenten, som nokre år før var blitt A‑presseorgan. Avisa klarte seg i eit års tid, men i 1985 var det slutt for godt.

Fakta

  • Fyrste utgåve: 13.5.1924
  • Siste utgåve: 26.6.1985

Opplag

År Opplag
1932 1500
1950 2000
1972 1371
1975 2943
1979 2215

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010 .

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg