Stein Torleif Bjella

Faktaboks

Stein Torleif Bjella
Født
7. april 1968, Ål i Hallingdal, Viken
Stein Torleif Bjella
Stein Torleif Bjella

Artikkelstart

Stein Torleif Bjella er ein norsk musikar og lyrikar frå Ål i Hallingdal som skildrar lagnaden til bygde-Noreg med humor og melankoli.

Bakgrunn

Stein Torleif Bjella vaks opp i Ål i Hallingdal i Buskerud (no Viken). Han hatt ulike jobbar, mellom anna som journalist i avisa Hallingdølen, men har sidan 2012 vore artist på heiltid.

Musikkarrieren

Før solokarrieren var Bjella tidlegare medlem av gruppa Farmen og ga ut to album med det Oslo-baserte rockebandet Tolv Volt, som han var leiar for: Auraspray (1999) og Kalas (2003).

Bjella debuterte som soloartist i 2009 med albumet Heidersmenn. Albumet vart produsert av Kjartan Kristiansen frå DumDum Boys og fekk kjempekritikk, takka vere Bjellas underfundige tekstar på hallingdialekt og dessutan varme, americana/country-inspirerte viser. Den gav han nominasjonar til Spellemannprisen i både vise- og tekstforfattarklassen.

Oppfølgjaren Vonde visu (2011) fekk like god kritikk, gjekk heilt opp til tredjeplass på VG-lista og vart tildelt Spellemannprisen i viseklassen. Deretter kunne Bjella seie opp jobben som journalist i lokalavisa Hallingdølen for å bli musikar på heiltid. Tredjealbumet Heim for å døy gjekk til topps hausten 2013 og vart nominert til Spellemannprisen. Hausten 2016 følgde han opp med Gode liv, som vart nominerte i tre Spellemannpris-klassar: Årets visealbum, Årets album og Årets tekstforfattar.

Bjella har nådd eit stort publikum med låtar som «Psykisk kan du vera sjøl» (2009), «Romantikken gjer meg sjuk» (2011) og «Alt rundt er det samma» (2016). Musikkmeldarane trekkjer fram formidlingsevna og dei gode historiene. Temaet i songane er gjerne det sørgmodige, men gode livet på bygda. Med eit humoristisk og melankolsk skråblikk syng han om at kjærleiken ikkje er nokon spøk, men at det også er det finaste vi har.

Utgjevne album

  • Heidersmenn (2009)
  • Vonde visu (2011)
  • Heim for å døy (2013)
  • Gode liv (2016)
  • Jordsjukantologien (2018)
  • Øvre-Ål Toneakademi (2020)
  • Bjellasangar arrangert for messing og tre (2021)

Andre utgjevingar og samarbeid

14. januar 2017 var det premiere på Det Norske Teatrets framsyning Kan nokon gripe inn, som er ei framsyning basert på musikken til Bjella. Handlinga er lagd til ein togstasjon ein stad på bygda. Hit kjem dei som vil reise frå det livet dei har, eller som vil at nokon skal kome og gripe inn.

Hausten 2017 gav Bjella ut diktsamlinga Jordsjukantologien nr. 1. Tematisk er dikta lik musikktekstane hans. På albumet Jordsjukantologien les han dikta til musikk komponert av dei faste musikarane hans. I 2021 gav han ut liveplata Bjellasangar arrangert for messing og tre, i samarbeid med Kringkastingsorkesteret. I 2021 kom den første romanen hans, Fiskehuset.

Utmerkingar

I tillegg til å ha vorte tildelt Spellemannprisen i 2011 og fått fleire Spellemannpris-nominasjonar, har Bjella vunne Bendiksenprisen (2012) og Prøysenprisen (2012). Han fekk òg kulturprisen i Ål kommune i 2012.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer (2)

skrev Beate Bjella

Han var født i Ål, i Hallingdal. Har to barn, og jobba som journalist i hallingdølen, til plata vonde visu kom ut.

skrev Jon Vidar Bergan

Takk. Jeg har tatt med to av opplysningene dine i artikkelen. Antall barn er derimot irrelevant i leksikonet

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg