Faktaboks

Stein Fossgard
Fødd
30. november 1908, Hol i Hallingdal, Viken
Død
16. april 1982

Stein Fossgard var folkehøgskulestyrar og seinare tilsynsmann for folkehøgskulane. I mange år var han mellom dei fremste tillitsvalde i fråhaldsrørsla.

Bakgrunn

Stein Fossgard var fødd i Hol i Hallingdal. Han tok lærarprøva ved Notodden lærarskule i 1929, examen artium i 1936, seinare vidareutdaning ved Universitetet i Oslo og ved Noregs lærarhøgskule. Han hadde ymse lærarpostar, i Idd frå 1933 til 1938 og ved Uranienborg skole i Oslo frå 1938 til 1948, då han vart tilsett som styrar ved Vestmar folkehøgskule. Frå 1952 til 1960 var han styrar ved Ringerike folkehøgskule og var seinare busett på Hønefoss.

Tilsynsmann for folkehøgskulane

I 1960 vart Fossgard utnemnd til stillinga som tilsynsmann for folkehøgskulane, og han sat som tilsynsmann til han gjekk av for aldersgrensa 1. august 1978.

Dei frilynte folkehøgskulane, dei kristelege ungdomsskulane og fylkesskulane vart samla under lov om folkehøgskolar frå 1948. Dette førte med seg noko usemje og strid, mellom anna om kva vekt skulane skulle leggje på religiøs forkynning, om elevalderen og om korleis det pedagogiske styret ved skulane skulle vere samansett. Fossgard var ein brubyggjar som la ned mykje arbeid på å jamne ut motsetnadene, og han lukkast i stor mon med det.

Arbeid i fråhaldsrørsla

Fossgard var medlem av landsstyret for Det Norske Totalavholdsselskap 1945–1949 og 1951–1971, dei siste 14 åra som formann, og han fekk Klostermedaljen for arbeidet sitt der. Han var formann i Avholdsfolkets Landsnemnd 1970–1976 og ordførar i Statens edruskapsdirektorat 1969–1977.

Stein Fossgard var medlem av styret i Noregs Høgskulelærarlag 1950–1957 og formann og sekretær i den norske høgskulenemnda 1951–1959.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Akerlie, Olav (2001): Frilynt folkehøgskole 1864–2001. Oslo: Norsk Folkehøgskolelag
  • Grimstad, Ivar (1978): «Stein Fossgard – stridsmann og brubyggjar», Arv og fornying. Festskrift til Stein Fossgard. Oslo: Norsk Folkehøgskolelag, Noregs Kristelege Folkehøgskolelag

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg