Spelemannsbladet - Folkemusikk er eit norsk tidsskrift for folkemusikk og bygdedans. Det blei gjeve ut av Landslaget for Spelemenn (LfS) frå 1941 til 2010, då bladet skifta namn til Folkemusikk. Tidsskriftet, som fortsatt kjem ut, har heilt sidan starten vore det største og viktigaste folkemusikkbladet i Noreg.

Spelemannsbladet kom ut for fyrste gong i 1941. Leiar i Landslaget for Spelemenn, Leif Sem frå Heddal og Kåre Solheim var dei to som starta opp bladet. Dei rakk å få gjeve ut to nummer før den nazistiske okkupasjonsmakta sette ein stoppar for lagsverksemda under andre verdskrig.

I 1946 kom bladet i gang att i ei ny og fyldigare utgåve, og frå 1948 kom Spelemannsbladet i profesjonell trykkkvalitet. Bladet var i ferd med å finne si form som eit folkemusikkblad med kappleiksnytt, artiklar om folkemusikarar, debattinnlegg og så vidare. Bladet har opp gjennom åra blitt prega av dei ulike redaktørane, av utviklinga til eigaren Landslaget for Spelemenn og sjølvsagt òg av samfunnsutviklinga generelt. Kappleikstoff har dominert i tiåra etter krigen, men folkemusikkbølgja frå 1970-talet og framover sette etterkvart sine spor. Ikkje minst kom auka utgjeving av folkemusikk på plater og i bøker, fleire konsertar med meir, til å prege spaltene. Men Spelemannsbladet har heilt sidan oppstarten vore eit viktig forum for debatt omkring folkemusikkspørsmål av alle slag, blant anna intern strid i periodar. Eksteriørmessig har bladet gått gjennom mange faser, særleg dei siste 20 åra av historia til bladet.

Namneskifte til Folkemusikk

I januar 1998 blei nettsida folkemusikk.no etablert. Landslaget for Spelemenn og Spelemannsbladet fekk med det fleire moglegheiter til å formidle folkemusikken til medlemmer og andre interesserte. Etter den digitale revolusjonen har innhald og form utvikla seg. Ei viktig endring kom då bladet i 2010 skifta namn til Folkemusikk, etter at LfS og Norsk Folkemusikk- og Danselag hadde fusjonert til FolkOrg i 2009. Bladet fekk samstundes ein noko endra profil for å nå ut til nye gruppar av interesserte lesarar. Folkemusikk kjem nå ut fire gongar i året og inneheld fleire sider enn tidlegare.

Redaktørar

  • 1941 Leif Sem
  • 1946–1949 Leif Løchen
  • 1950 Henrik Gjellesvik
  • 1951–1954 Torleiv Tveito
  • 1955–1956 Leif Sem
  • 1957–1960 Torleiv Tveito
  • 1961–1962 Johan Krogsæther
  • 1963–1966 Torleiv Tveito
  • 1966–1972 Olaug Tveito
  • 1973–1975 Ola Grøsland
  • 1976–1977 Birgit Døvre
  • 1978–1987 Gunnar Stubseid
  • 1988–1994 Trond-Ole Haug
  • 1994–1996 Arild Hoksnes
  • 1997–2007 Kjell Bitustøyl
  • 2007–2013 Knut Aastad Bråten (Folkemusikk frå 2010)
  • 2013–2014 Bjørn Sletten (Folkemusikk)
  • 2014– Audun Stokke Hole (Folkemusikk)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg