Faktaboks

Sozialistische Einheitspartei Deutschlands

SED

Etymologi

tysk «Tysklands sosialistiske enhetsparti»

Uttale
såtsialˈistiʃə ˈainhaitspartai dåitʃlants
Logo

Sozialistische Einheitspartei Deutschlands, SED, var det statsberande partiet i Aust-Tyskland (DDR) i perioden 1949–1989.

SED vart grunnlagt i 1946. Det var eit marxist-leninistisk parti etter sovjetisk modell og under sovjetisk kontroll, og under den kalde krigen var både partiet og staten DDR ein del av Austblokka. Dei første formennane var kommunisten Wilhelm Pieck og sosialdemokraten Otto Grotewohl. Partileiar frå 1950 til 1971 var Walter Ulbricht, deretter Erich Honecker til 1989.

Etter gjenforeninga av Aust- og Vest-Tyskland i 1990 vart SED reorganisert som Partei des Demokratischen Sozialismus (PDS). Frå 2005 stiller partiet til val under namnet Die Linke.

Grunnlegging

Etter Tysklands nederlag i andre verdskrigen i 1945 vart landet delt i fire okkupasjonssonar, der seierherrane Sovjetunionen, Storbritannia, USA og Frankrike administrerte kvar sine delar (sjå delinga av Tyskland). Sozialistische Einheitspartei Deutschland (SED) vart grunnlagt i den sovjetiske okkupasjonssona i 1946. Partiet var ei samanslåing av kommunistpartiet (KPD) og det sosialdemokratiske partiet (SPD). Tyske kommunistar som vendte tilbake frå Moskva etter krigen var pådrivarar for SED, i tråd med Josef Stalins ordre.

Einheitsparti utan demokrati

Walter Ulbricht
Walter Ulbricht var partileiar for SED frå 1950 til 1971. Han var Josef Stalins mann i Tyskland og styrte etter direktiv frå Moskva. Han var òg arkitekten bak Berlinmuren.
Bundesarchiv, Bild 183-76234-0019 / Sturm, Horst.
Lisens: CC BY SA 3.0

SED var eit marxist-leninistisk parti etter sovjetisk modell og under sovjetisk kontroll, med overordna mål om å byggje eit kommunistisk samfunn.

Då SED erklærte sovjetsona som eigen stat – Deutsche Demokratische Republik (DDR) – i 1949, fekk landet ei liberal grunnlov, inspirert av Weimar-forfatninga. I praksis vart SED statsberande parti med kontroll over lovgivande, utøvande og dømande makt. Andre parti var lovlege, men utan reell makt. Kritikarar i og utanfor SED vart omplasserte, straffa med yrkesforbod eller fengsla. Overvåkingsorganet Stasi vart brukt til å overvåke og avskrekke opposisjonelle og regimekritikarar. For å styrke den sentralistiske linja vedtok partiet i 1952 å oppløyse delstatane.

Gjenoppbygging under stalinismen

Gjenoppbygginga av DDR etter krigen vart forseinka av Sovjetunionen sitt krav om krigserstatning. Fabrikkar og infrastruktur vart demontert og frakta til Sovjetunionen, i tillegg måtte tyskarane betale for hæren som okkuperte dei. Frå 1946 samarbeidde SED og okkupasjonsmakta om jordbruksreformer. Storgods som låg brakk vart dels gitt til jordlause bønder, dels nasjonalisert og drivne som statsbruk.

I 1951 tok SED ansvaret for all planlegging, organisering og finansiering av næringslivet. Planøkonomien førte til økonomisk vekst, men arbeidarane var misnøgde med detaljstyring og urealistiske produksjonsmål, og i 1953 braut det ut streikar og demonstrasjonar. Same år innleia Nikita Khrusjtsjov ein avstaliniseringsperiode som gjorde det mogleg for SED å føre ein meir sjølvstendig politikk.

DDR var i 1960-åra mellom dei ti største industrinasjonane i verda. For å møte folk sine forventingar om ein enklare kvardag la partiet i 1970-åra om kursen frå tungindustri til forbruksvarer.

Samfunnsliv

Erich Honecker
Erich Honecker tok over som partileiar i 1971. Han stod for ei meir forsoneleg haldning til Vesten. Foto frå 1976.
Av /Das Bundesarchiv.
Lisens: CC BY SA 3.0

SED brukte kultur til å forme dei nye DDR-borgarane. Nesten alle var aktive i masseorganisasjonar, og partiavdelingar landet rundt arrangerte idrettsstemne, festspel og kulturveker. På 1950-talet lanserte partileiar Walter Ulbricht Dei ti bod for moralsk og politisk oppseding. Dei vart del av partiprogrammet.

Kunst og kultur var pålagt å ha eit sosialistisk innhald. Sensur var allestadsnærverande og vart tidvis til sjølvsensur. Med Erich Honecker som partileiar kom ei meir forsonleg haldning til Vesten. Han avslutta kampanjane mot vestleg dekadanse, og i 1973 opna han midlertidig grensa mot vest og slapp inn tusenvis av ungdommar til Woodstock-festival i Aust-Berlin.

Kyrkjepolitikk

SED hadde eit anstrengt forhold til kyrkja, som partiet meinte stod i vegen for det kommunistiske samfunnet. Stat og kyrkje skilde lag. Kyrkja fekk behalde eit indre sjølvstyre, men kristne kunne bli nekta statlege stillingar og prestar avsette etter skuldingar om antistatleg agitasjon.

Partiet skapte sekulære variantar av religiøse ritual, Jugendweihe som alternativ til konfirmasjon, seinare dåp, vigsel og gravferd etter verdsleg mal.

I 1989 var fem millionar austtyskarar kyrkjemedlemar. Mange av kyrkjene var sentrum for politisk opposisjon.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Thomas Grosbölting (Hg.): Friedenstaat, Leseland, Sportnation? DDR – Legenden auf dem Prüfstand (2009)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg