Sonja Mandt

Faktaboks

Sonja Mandt
Født
29. mars 1960, Larvik, Vestfold og Telemark
Stortinget.

Artikkelstart

Sonja Mandt er sjukepleiar, politikar og tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Vestfold i 2005–2017.

Bakgrunn

Sonja Mandt er fødd i Larvik i Vestfold (no Vestfold og Telemark). Ho var elev ved Sandefjord handelsgymnasium i 1976–1979, tok 1. avdeling jus som privatist i 1988–1989 og utdanna seg til sjukepleiar ved Høgskolen i Vestfold (no Universitetet i Sørøst-Norge) i 1993–1995.

Mandt var kontortilsett ved Felleskjøpet i 1979 og i Brunlanes kommune i 1980. Ho var produksjonsmedarbeidar ved Nestlé Findus A/S i 1980–1987. Frå 1995 til 2013 var ho tilsett som sjukepleiar ved Sjukehuset i Vestfold i Larvik.

Politisk karriere

Mandt var varamedlem i Larvik kommunestyre for Arbeidarpartiet i 1991–1995, og var deretter medlem i 1995–2005. Ho sat i formannskapet i Larvik i 1999–2005. Mandt var nestleiar i Larvik Arbeidarparti i 1992–2001, og seinare leiar i 2001–2004, styremedlem i 2004–2010 og nestleiar frå 2012. I 1997–2000 var ho nestleiar og i 2000–2014 leiar i Vestfold Arbeidarparti. I perioden 1997–2014 var Mandt medlem av landsstyret til partiet.

I 2005 blei ho vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Vestfold, og satt på Stortinget fram til 2017. På Stortinget var ho medlem av helse- og sosialkomiteen i 2005–2013 og er medlem av familie- og kulturkomiteen i 2013–2017. Politisk arbeidde ho mykje med helserelaterte emne.

Andre verv

Mandt var kasserar i Human-Etisk Forbund i Larvik i 1989–1999 og i Human-Etisk Forbund i Vestfold i 1994–1998. Ho hadde ulike verv i Kvelde A-lag i 1990–1995 og i Nanset/Verningen A-lag i 1996–2005. Ho var meddommar i Agder lagmannsrett i 1995–2005 og medlem i styret for Link Larvik A/S i 2005–2011.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg