Solvor er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Sǫl-vǫr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘hus, sal’ og etterleddet ‘forsiktig; verjar’. Namnet kom i bruk att i 1899.

Namnet har fleire variantar: Solvor, Solvår.

Namnedag er 1. september. Solveig har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I 2022 var det 474 kvinner i Noreg som hadde Solvor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Solvor frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Solvor frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg