Solveig Steinnes Lone

Faktaboks

Solveig Steinnes Lone
Født
6. november 1894, Klepp, Rogaland
Død
15. desember 1979

Artikkelstart

Solveig Steinnes Lone var journalist. Ho var den første kvinnelege journalisten i Gula Tidend. Lone var særleg engasjert i kvinnespørsmål, målsak og naturvern.

Solveig Steinnes Lone var fødd på KleppJæren. Ho tok utdanning ved Voss folkehøgskule vinteren 1912–1913. Seinare same året fekk ho arbeid i avisa Agder i Flekkefjord. Ho ivra sterkt for målsaka, og frå 1915 arbeidde ho i Gula Tidend, der ho var den første kvinnelege journalisten.

Etter at ho gifta seg i 1917, vart det vanskeleg å kombinere barn og heim med andre oppgåver, men frå 1926 til 1932 redigerte ho spalta «Heimen» i For Bygd og By. Frå 1935 var ho journalist i Norsk Tidend, der ho redigerte ei spalte med kvinner som målgruppe. Ho var elles frilansar og skreiv bokmeldingar, artiklar og skjønnlitterære tekstar i dagspressa og ulike tidsskrift, til dømes i Unglyden.

Under andre verdskrigen la ho pennen bort. I 1941 slo familien seg ned i Spind ved Farsund, og Steinnes Lone vart gardbrukar. Etter krigen hadde ho berre korte engasjement. Ho skreiv mellom anna i venstreavisa Vest-Agder i 1956. Ho var redaktør i vekeavisene Norges Kvinner i 1957 og Telemark Tidend i Skien i 1958. Ho var òg kåsør i NRK og ein populær foredragshaldar.

Steinnes Lone var oppteken av naturvern heile livet, og så seint som i 1978, året før ho døydde, tok ho til orde mot utbygging av Orklavassdraget.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Inger Lise Breivik ofl. (red.): Kvinner i nynorsk prosa. Oslo 1980
  • Reidun Kvaale: Kvinner i norsk presse gjennom 150 år. Oslo 1986

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg