Solfrid Koanda vart fødd i Finland, men kom til Noreg og Grimstad som niåring i 2007. Ho byrja å trene crossfit då ho var 15 år, men det var først i vaksen alder at ho prøvde seg på vektløfting.
Solfrid Koanda debuterte som vektløftar på nasjonalt nivå under senior-NM på Vigrestad våren 2020. Der sette ho ny, norsk rekord i støt med 114 kilo, og ho tok sølv i 87-kilosklassen samanlagt.
Berre eit snaut år seinare kvalifiserte 22-åringen seg til EM i 2021. Under meisterskapen i Moskva overraska ho mange med å ta bronsemedalje i støt, der ho løfta 135 kilo. Det var ny norsk og nordisk rekord, og samstundes det tyngste støtet av ei norsk kvinne nokon gong. Ho enda på 100 kilo i rykk og vart nummer fem samanlagt i klassen 87 kilo.
Under U23-EM hausten 2021 vart Koanda europameister. Ho sette samstundes nye norske rekordar. I oktober same året tok ho sitt første NM-gull, då ho vann klassen sin under NM i Spydeberg.
I desember 2021 vart Koanda verdsmeister i støt under VM i Tasjkent i Usbekistan. Ho vart først nummer sju i rykk med 103 kilo, før ho løfta 141 kilo i favorittøvinga støt. Totalt vart det bronsemedalje med 244 kilo.
Solfrid Koanda vart sommaren 2022 europameister i rykk, støt og samanlagt under EM i Tirana. Ho fekk seks godkjende løft, og vart ståande med 109 kilo i rykk, 143 kilo i støt og 252 kilo samanlagt. Det var norske rekordar i alle øvingane.
Ho tok sin første kongepokal for prestasjonen som beste utøvar uansett klasse under NM i 2022. Igjen sette ho nye nasjonale og nordiske rekordar med 111 kilo i rykk, 145 kilo i støt og 256 kilo samanlagt.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.