Solfrid er eit nylaga kvinnenamn (1891), og dette har vore eit av dei mest populære nylaga namna.

Namnedag er 14. juli. Solrun har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Solfrid

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var «nåtlerske» Ida Solfrid Johansen fødd 1891 i Kristiania.

Kjende personar med namnet Solfrid

Eit utval personar med namnet Solfrid, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 482 kvinner i Noreg som hadde Solfrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Dette gjeld også Solfrid var på topp 1945–1949.

Utvikling i bruk av namnet Solfrid frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Solfrid frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg