Sogns Tidende

Fredag 7. april 1905
Fredag 7. april 1905
Av /Nasjonalbiblioteket.

Sogns Tidende var ei avis som kom ut frå 1878 til 1947, då Sogns Tidende blei tatt opp i avisa Sogn og Fjordane.

Historie

Etablering

Etter at Venstre-politikar Otto Blehr hadde starta Fjordenes BladEid i 1874, flytta han til Lærdal i Sogn. Der gifta han seg med kvinnesaksforkjemparen Randi Marie Nilsen og opna advokatpraksis. Sogn var då utan avis, og i 1878 fann Blehr ut at han trengte eit talerøyr som kunne fremje si eiga politiske karriere. Sogns Tidende vart dermed eit organ for Venstre.

Sogns Tidende var frå byrjinga organisert i eit interessentselskap som også dreiv forlag og boktrykkeri. Etter etableringa av avisa overlèt Blehr i 1879 redaktørstillinga til Hans Martin Michelsen, som vart etterfølgt av Martin Vanberg i 1901. Etter vel eitt år som bladstyrar i Sogns Tidende forsvann Blehr ifrå avisa, og fann seg etter kvart godt til rette i rikspolitikken, mellom anna som statsminister. Avisa kom i byrjinga ut ein gong i veka, frå 1889 to gonger.

Utbreiing og samanslåing

Fram til 1903 kom ho ut i Lærdal i Sogn og Fjordane. Då kjøpte Jens Kvåle avisa, saman med typografen Erik Natvig, og flytta ho til Sogndal. Kvåle var målmann, fråhaldsmann og stod sentralt i norskdomsmiljøet i Sogn. Han hadde tidlegare redigert fleire kortliva aviser, og var redaktør for Sogns Tidende fram til 1941.

Sogns Tidende hadde størst utbreiing i Indre Sogn. Innanfor denne regionen hadde avisa ingen reell konkurrent før i 1932, då avisa Sogn (seinare Sogn og Fjordane) starta å komme ut på Leikanger. Avisa møtte rett nok konkurranse frå Sogns Socialdemokrat i Lærdal i 1919, men trugsmålet blei varig svekka då partiet flytte den seinare kommunistavisa frå Indre til Ytre Sogn. Sogns Tidende fekk òg ein varig konkurrent med Høgre-avisa Sogningen, skipa i Vik i 1897.

Gjennom samanslåinga med den radikale Venstre-avis Sygna blei Sogns Tidende påverka av det norskdomsradikale Sogndal. Slik blei Sogns Tidende snart ein markant aktør i samtidas kulturkamp. Sogns Tidende fekk eit solid løft i kjølvatnet av unionsoppløysinga i 1905 og var i Sogn sterkt medverkande til mobiliseringa for republikk. Avisa hadde i byrjinga riksmål som redaksjonell målform, men ved flyttinga til Sogndal i 1903 gjekk ho over til nynorsk. I 1927 vart avisa døypt om til Sogns Tidend, i tråd med god nynorsk rettskriving.

Avvikling

I 1941 overtok sonen til Jens Kvåle, Hermund Kvåle, som redaktør. Året etter vart Sogns Tidend lagt ned grunna av dei vanskelege tilhøva under andre verdskrigen. Sogns Tidende hadde før dette tapte produksjonsteknisk terreng gjennom 1930-talet, og etter krigen måtte avisa setjast for hand. Avisa hadde tinga setjemaskin i september 1945, men i januar 1947 var ho enno ikkje komen. Ho vart starta opp att i 1945, men klara seg då ikkje i tevlinga med andre aviser, og vart endeleg nedlagt i 1947.

Avisa vart same år kjøpt opp av Ingvald Husabø Prenteverk på Leikanger, som selde rettane vidare til Ivar Tveit og Einar Svartefoss, redaktørane i avisa Sogn og Fjordane. Sogns Tidend fekk leve vidare som undertittel til denne avisa fram til 1986.

Opplag

År Opplag
1920 2200
1932 2500

Fakta

  • Sogns Tidende: fyrste nr. 1878.
  • Skifta namn til Sogns Tidend i 1927. Førebels siste nr. 31.3.1942.
  • Fyrste nr. etter krigen 17.5.1945. Siste nr. 17.1.1947, deretter opptatt i avisa Sogn og Fjordane.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Terje Eggum: På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874-2009. Førde 2009
  • Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Bind 4: Norske aviser fra a til å. Oslo 2010
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg