Sognekraft sin logo.

Sognekraft . Begrenset gjenbruk

Sognekraft AS, vart skipa i 1947 av kommunar og kraftlag i midtre og indre Sogn for å betra kraftforsyninga til innbyggjarar og næringslivet i bygdene i Sogn.

Selskapet har konsesjon til å drifta straumnett i kommunane Balestrand, Leikanger, Sogndal, Vik og Frønningen i Lærdal kommune. Selskapet har om lag 8 000 nettkundar. Sognekraft eig og driftar dessutan vasskraftverk med ein årleg produksjon på om lag 450 GWh. Dei sel og varmepumper og entreprenørtenester.

Dessutan arbeidar dotterselskapet Vestavind Kraft AS med utvikling av fleire nye vindkraftprosjekt. Det største prosjektet Vestavind Kraft har engasjert seg i er offshore vindpark Havsul. Sognekraft Fjordenergi basert på fjordvarme opna i Sogndal april 2014.

Hovudkontoret er i Vik i Sogn. 

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.