SFE sin logo.

SFE . Begrenset gjenbruk

Sogn og Fjordane Energi AS, forkorta SFE, er eit energikonsern stifta 1. januar 2003 etter ein fusjon mellom selskapa SFE, Ytre Fjordane Kraftlag, Gloppen Elektrisitetsverk, Firdakraft og Eid Energi.

SFE driv produksjon, overføring og omsetnad av elektrisk energi. Konsernet leverer også ENØK- og  breibandtenester. SFE Kraft sel elektrisk kraft til sluttbrukarar, både privathushald og næringskundar i heile landet, til saman om lag 26.500 kundar. SFE Nett har konsesjon på drift og vedlikehald av kraftnett i 7 kommunar på kysten av Nordfjord og Sunnfjord, med i alt 22.300 nettkundar (2011) tilknytt eit samla kraftnett på 3500 km. SFE Produksjon står for teknisk drift og vedlikehald av konsernet sine 13 kraftstasjonar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, samt 3 kraftstasjonar leigd av Gloppen kommune. SFE Produksjon har og 35 % eigardel i Leirdøla kraftverk. Total produksjon i  kraftstasjonane er nær 1400 GWh.

SFE-konsernet er den største energileverandøren i Sogn og Fjordane og har om lag 250 tilsette og ein samla omsetnad på 1,4 mrd. kr (2011). Hovudkontoret er i Sandane.

SFE sin heimeside

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.