Sognefjorden ved Aurland
Sognefjorden ved Aurland. Fjorden har vore med på å binda folk saman. Mange stader langs fjorden er det såleis stor likskap mellom dialektene på kvar side (dei gamle kommunegrensene gjekk på tvers av fjorden). Det er heller stor skilnad på dialektene i Indre og Ytre Sogn.
Av .
Lisens: CC BY NC 2.0

Plassering

/Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Sogn og Fjordane består av Indre og Ytre Sogn, og i tillegg Sunnfjord og Nordfjord. Det som her er kalla Indre Sogn, kan også delast inn i Midtre Sogn (Aurland, Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik) og Indre Sogn (Årdal, Lærdal og Luster).

Det er mange språkdrag som verkar samlande på dialektene i Sogn og Fjordane, slik at ein med rette kan bruka nemninga sognemål. Samstundes er det stor språkleg variasjon å finna i talemålet når ein reiser frå Indre Sogn og utover og nordover i fylket. Denne variasjonen heng saman med geografiske og administrative tilhøve som tidlegare delte fylket inn i mange småsamfunn.

Tvers gjennom Sogn og Fjordane fylke, på tvers av Sognefjorden, går ei viktig dialektgrense. Denne grensa set eit klårt skilje mellom to målgreiner på Vestlandet, nemleg nordvestlandsk og sørvestlandsk. Nordvestlandsk er e-mål, medan sørvestlandsk er a-mål.

E-måla i Ytre Sogn og Sunnfjord og Nordfjord blir også kalla fjordamål.

a-mål og e-mål møtest i Sogn

Infinitivsendingar
Infinitivsendingar
Infinitivsendingar
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0

Dialektene i Nordfjord, Sunnfjord og Ytre Sogn (inn til og med Kyrkjebø), og Jostedal i Indre Sogn utgjer den delen av Sogn og Fjordane fylke som høyrer til det nordlege e‑målet (nordvestlandsk). Dette e-målet har endinga -e i infinitiv, i former som å fare, å skrive, og i svake hokjønnsord, ubunden form eintal: ei veke, ei veke, ei kiste (å skrive ei vise).

Dei midtre og indre sognemåla frå og med Balestrand og innover langs fjorden høyrer til det sørvestlandske a -målet (sørvestlandsk). Her finn ein a-ending i infinitiv av verb og svake hokjønnsord i ubunden form eintal. Det heiter i dette området: å kasta, å veta, ei visa, ei veka («å skriva ei visa»). Vidare endar nokre adverb på ‑a: heima, idla, jædna (gjerne). A‑målet har adjektivformer som den stora stòva og det høga fjedle og så bortetter.

Lydverk (fonologi)

Diftongar

I Sogn høyrer ein diftongering av norrøne lange vokalar, særleg av å-lyden, jamfør døme som baot (båt), skaol (skål), pao (på), frao (frå). I Ytre og Midtre Sogn (ikkje i Indre Sogn) finn ein også diftongering av andre lange vokalar: leiv (liv), ney’e (ny), breun’e (brun), bour (bord) og så bortetter. Dette språkdraget knyter Ytre og Midtre Sogn saman.

Dei «gamle» diftongane ei og øy er breie i sognemålet: ai for ei og åy for øy: bait, raisa, haim, glåyma (Ytre Sogn: raise, glåyme). I Nordfjord er diftongane ulike i ytre og indre mål. Indre Nordfjord har ai for ei og ei for øy: dai kjeire hei (dei kjøyrer høy). Typisk for Midtre Sogn er diftongering av e og ø framfor ng, døme: saing (seng), baink (benk).

I Sunnfjord og Nordfjord finn ein døme på diftongforenkling, verbet meine blir mænte i preteritum og heil blir hælt i nøytrum. I Sunnfjord blir au forenkla i mange ord: dråm, håg, håst (draum, haug, haust).

I ord der norrønt hadde vokal + ð,har ein i Ytre Sogn (og på Sunnmøre) fått diftong, jamfør uttalen veir (vêr), støyl (støl), fjøyr (fjør) (norrønt veðr, stǪðdull, fjǪðr).

Kort o og open kort ò

Sognemåla skil mellom vanleg kort o og open kort ò. Det er såleis her skilnad på substantivet vòtt (på handa) og adjektivet vått (neutrum av våt). Innafor mykje av området skil ein også mellom lang e og lang æ: eg he sete på eit høgt sæte.

Svarabhaktivokal (innskotsvokal)

I sunnfjord- og nordfjordmåla finn ein svarabhaktivokal (innskotsvokal) i sterke hankjønnsord: ein gut’e, ein kar’e. Det heiter her: det va ein fin’e hest’e. Dette særdraget blir i dag borte hos dei unge. Svarabhaktivokal i adjektiv er vanleg i dei fleste sognemåla: vidl'e natur, brai'e veg. I Indre Sogn manglar denne vokalen, det heiter her vidl natur og brai veg.

Konsonantar

Lærdal i Indre Sogn
Lærdal i Indre Sogn
Lærdal i Indre Sogn
Av .

I Ytre Sogn og også i Fjordane brukar ein den j-haldige uttalen av ll og nn. Det heiter her hannj fannj allje bånnja på vållja (han fann alle borna på vollen). Dette blir kalla palatalisering og er eit særmerke for nordvestlandsk og dessutan for måla i Trøndelag og i Nord-Noreg. Palataliseringa av ll og nn er med på å skilja nordvestlandsk frå det sørvestlandske a-målet.

Dialektene i Indre Sogn har som resten av a-målet differensiering av rn til dn: hestadn(e), vikedn(e). Jamfør også setninga: eg skulle jedna kjøpt litt kådn (eg skulle gjerne ha kjøpt litt korn). Dette er eit fenomen som også finst i islandsk, og i Valdres og Hallingdal.

Heile a-målsområdet i Sogn har overgangen ll til dl: adle (alle), å kadla, ein kjedlar. Særdraga rn til dn og ll til dl er to målmerke som skil sørvestlandsk frå nordvestlandsk.

På sørsida av fjorden er det j-uttale i fleire bøyingsformer, jamfør former som tak – takje, skog – skogjen, bekk – bekkjen. Dette særdraget finst ikkje i Indre Sogn og utgjer såleis eit skilje mellom dei indre og dei midtre dialektene langs Sognefjorden.

I dei nordvestlege måla i Nordfjord og på delar av Sunnmøre kan ein hos eldre folk høyra bruk av den gamle norrøne konsonanten «stungen d», som blir skriven /ð/. Jamfør døme som tið, mið (fiskemed), lað (stabel) og ein goð’e sauð’e (ein god sau). I resten av Nordfjord er det vanleg d i slike ord: blad, blod, skade, glede, saud'e. Uttalen med /ð/ er i dag borte hos yngre folk i Nordfjord.

Gamalt mål i Nordfjord, særleg i Breim, var eit «halvemål» med bortfall av h- i framlyd: ans (Hans), and (hand), og nyinnsett -h- i håss (oss). Forma håss (for oss) kan ennå høyrast i Nordfjord.

Etterleddstrykk (trykk på siste leddet) i samansette ord er vanleg i Nordfjord og Sunnfjord: laste’bil, heste’skjyss, joste’dàlennj, bøver’dalennj. Dette fenomenet finst også på Sunnmøre og i Gudbrandsdalen.

Formverk (morfologi)

Substantiv

Innafor a-målsområdet i Midtre og Indre Sogn brukar ein endinga ‑i (eller -ei) i bunden form av sterke hokjønnsord, soli eller solei og bygdi eller bygdei. Dei svake endar på ‑ao eller‑a, visao eller visa. E‑målsområdet i Ytre Sogn og i Fjordane har endinga -a i begge typane: sola og visa. Jostedal følgjer Indre Sogn med -i i dei sterke hokjønnsorda: soli, bygdi.

Substantivbøyinga i Hafslo i Sogn, der normene gjeld ubunden eintal, bunden eintal, ubunden fleirtal og bunden fleirtal:

  • hest – hesten – hesta – hestadn
  • time – timen – tima – timadn
  • hane – hanen – hana – hanadn
  • naol – naoli – naole – naoledn
  • visa – visao – vise – visedn
  • veka – vekao – veke – vekedn
  • hus – huse – hus – husi

I hokjønnsorda har Midtre Sogn formene solei og visao, medan Indre Sogn har soli og visa (med rein i og a). I båe tilfella er det snakk om «delt hokjønn». Ytre Sogn og Sunnfjord og Nordfjord har som nemnt ikkje «delt hokjønn». Her heiter det sola og visa.

Eit særdrag i mykje av Nordfjord og Sunnfjord er at bunden form fleirtal av inkjekjønnsorda har den spesielle endinga -å: allje eplå, allje huså.

Dativ

Dativbøying finst i e-målsområdet i Sogn og Fjordane (ikkje i Jostedal) og i Lærdal. Endingane for dativ eintal er i sterkt hankjønn og inkjekjønn -a: i båta, i husa, jamfør han sat i båta, dei gjekk oppå fjellja (dei gjekk oppe på fjellet, var på fjellet). I hokjønn eintal er endinga -inne: i elvinne, i fleirtal ‑å: i bygdå. Dei tilsvarande endingane i Lærdal er -i, -en og -o. Det heiter her i båti, i husi, i elven, i bygdo.

Andre døme på dativ er: dei sende lærara ei fine gåve, du må helse foreldrå dine, ho e so lik søstrå sine (Sandøy 1990). Bruk av dativ er på vikande front hos dei unge.

Pronomen

Fleirtalspronomenet i fyrste person er vi i Nordfjord og det meste av Sunnfjord. Midtre Sogn har mi, medan Indre og Ytre Sogn, og nokre sunnfjordbygder har me.

I fyrste person eintal har mest heile fylket pronomenforma eg. Indre Sogn skil seg ut med forma e for eg.

Verb

Som nemnt har a-målet infinitiv på -a: å lesa, å skriva, å køyra. E-målet i Ytre Sogn og i Sunnfjord og Nordfjord har e-ending: å lese, å skrive, å køyre.

Sterke verb har svarabhaktivokal i presens: ho finn’e, ho kjem’e, ho søv’e. Sogndalsmålet har særmerkte partisippformer i nokre verb, som til dømes har ite, har dripe, har lise, har krike og andre (for ete, drepe, lese, kreke),

Industristadene Høyanger og Årdal

I industristaden Høyanger finn ein ei bryting mellom det tradisjonelle bygdemålet og talemålet til dei mange innflyttarane som kom til staden frå 1916 og utover. Det oppstod ein målblandingssituasjon, der mange nye drag kom inn i talemålet. Former som bain og håy i Høyanger kjem frå Sogn, ordet hem (heim) frå Bergen, åssen (korleis) frå Austlandet, det same gjeld truleg formene noe og mye i dagens dialekt. Talemålet i Høyanger i dag er likevel mykje einsarta og må reknast som eit nordvestlandsk talemål.

Årdal skil seg frå Høyanger. I Årdal var det mange fleire fastbuande då industrireisinga tok til. I denne bygda har ein ikkje fått eit «nytt» årdalsmål. I 1980 sa Per Arvid Ølmheim det slik om dialekta i Årdal: «Dei tradisjonelle språkdraga held seg, også blant dei unge».

Framtida

Som i andre delar av landet skjer det også i sognemåla ei forenkling. Men endringane kjem ikkje brått. Det er tale om ei utvikling der talemåla i ulike bygder og tettstader gradvis nærmar seg til kvarandre. Talemålet i større område bli meir likt, og spesielle særtrekk blir borte, som til dømes bruk av konsonanten ð i ord som tið og lað. Borte blir også halvemålet og mykje av dativformene.

Språkforskar Øystein Vangsnes rapporterte i 2008 frå språktilstanden i Sogndal. Han sa då at unge frå Sogndal skil seg ut ved at fleire ikkje nyttar ao-lyden. Dei brukar også e-infinitiv, anten systematisk eller blanda med a-infinitiv. Dei seier også jenta og sola i staden for jentao og soli, fortel Vangsnes. Om denne utviklinga skjer i tettstaden Sogndal, er det likevel grunn til å tru at hovuddraga i sognemåla meir generelt held seg og er meir seigliva enn ein kunne tru.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Haugen, Ragnhild (1998). Variasjon og endring i sogndalsdialekten : ei sosiolingvistisk undersøking av talemålet i Sogndal. I: Målbryting 1/1998. Bergen: Nordisk institutt. UIB.
  • Haugen, Ragnhild (2004). Språk og språkhaldningar hjå undomar i Sogndal. Dr.art.-avhandling. Universitetet i Bergen.
  • Larsen, Amund B. (1926). Sognemålene. Oslo: Jacob Dybwad.
  • Sandøy, Helge (1990). Vestlandet – der fjordane batt folket saman. I: Jahr, Ernst Håkon (red.). Den store Dialektboka. Oslo: Novus. S. 63–88.
  • Solheim, Randi (2008). Språket i smeltegryta : sosiolingvistiske utviklingsliner i industrisamfunnet Høyanger. Mål og Minne, 1/2008.
  • Ølmheim, Per Arvid (1980). Talemål og skriftmål. I: Bygd og by i Norge, Sogn og Fjordane. Oslo: Gyldendal.
  • Ølmheim, Per Arvid (1983). «.. sa sogningen til fjordingen» : målføre i Sogn og Fjordane. Sogn mållag og Firda mållag.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg