Soga om svarvdølane

Soga om svarvdølane er ein islendingesaga frå 1300-talet

Faktaboks

etymologi:

norrønt Svarfdœla saga

også kjent som:

Svarvdølingenes saga

Første delen av soga ber preg av eventyr og hendingar lik dei ein finn i fornaldersoger; hovudpersonen, Torstein Torgnysson, går frå små kår til å bli ein berømt krigar som til slutt giftar seg med ei jarledotter frå Gautland.

Andre delen av soga handlar om folk og slekter i Svarfaðardalur på vestsida av Eyjafjörður på Nord-Island.

Svarfdœla saga er nemnt i Landnámabók frå 1200-talet, men den overleverte versjonen ser ut til å ha vore skriven seint på 1300-talet.

Det finst berre eitt pergamentblad frå mellomalderen att av soga. Dette er frå 1400-talet, men soga finst i ei avskrift frå 1600-talet. Frå denne avskrifta finst det igjen mange avskrifter frå seinare hundreår. Førelegget til avskrifta frå 1600-talet har hatt ein lakune; etter at Torstein har fått jarledottera, går forteljinga rett over i å skildre strid mellom slektene i Svarfaðardalur.

Soga er omsett til nynorsk av Lars Vikør.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jónas Kristjánsson 1988. Eddas and sagas. Iceland's medieval literature. Reykjavík: Hið íslenska bókmenntafélag.
  • Vikør, Lars 2014. Soga om svarvdølane, i Islendingesagaene. Samtlige sagaer og førtini tætter, IV. Reykjavík: Saga. 141–188.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg