Snefrid

Artikkelstart

Snefrid er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Snǿ-fríðr der forleddet tyder ‘snø’ og etterleddet ‘vakker’.

Namnet, som vart tatt opp att i 1838, kan ha hatt ei meiningsfull tyding i norrønt: ‘vakker som snø’.

Namnet har fleire variantar: Snefrid, Snøfrid.

Namnedag er 23. september. Snorre og Snøfrid har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 730 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Snefrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg