Snartemo er ein stasjonSørlandsbanen. Stasjonen ligg i Hægebostad kommune i Agder fylke.

Vest for stasjonen er Kvinesheitunnelen (9,1 km), som er både ein av dei lengste jernbanetunnelane og den lengste rette jernbanestrekninga i Noreg. Aust for stasjonen går Hægebostadtunnelen, som òg er blant dei lengste jernbanetunnelane i landet (8,5 km). Mellom dei to tunnelane går jernbanen på ei 800 meter lang og cirka 5 meter høg fylling av massar frå tunnelane.

På stasjonen er eit minnesmerke over dei 24 som mista livet ved ulukker under jernbaneanlegget i 1934–1944.

Snartemo er kjent for verdifulle gravfunn frå folkevandringstida (Snartemofunna). Det er ein bautapark rundt funna ved Snartemo stasjon.

Namnet

Første ledd er norrønt snart, 'brann, brunne stykke'; det vil seie ein mo som er rydda ved brenning.

Kart

Snartemo
Snartemo
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg