Faktaboks

Administrasjonssenter
Hopen
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
2 120 (2022)
Landareal
261 km²
Høgaste fjell
Ramndalshaugen (70 moh.)
Innbyggjarnamn
smølværing
Målform
nøytral

Kommunevåpen

Kart: Smøla kommune i Møre og Romsdal
Smøla kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Smøla kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Smøla

Smøla. Fiskeværet Veiholmen ligg heilt nord i øykommunen Smøla. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Smøla er ein kommune i Møre og Romsdal fylke som i sin heilskap ligg på øyar lengst nordvest på Nordmøre. Smøla omfattar forutan øya Smøla (216 km2) 5846 andre mindre øyar, holmar og skjer, og dette gir kommunen meir enn halvparten av alle øyane i fylket.

Smøla blei oppretta som kommune under namnet Edøy ved innføringa av det lokale sjølvstyret i 1837. Frå kommunen blei Tustna utskild i 1873, og kommunen blei så delt i tre i 1913: Edøy, Brattvær og Hopen. Desse tre kommunane blei slått saman igjen i 1960, no under namnet Smøla.

Natur

Berggrunnen i kommunen er for det meste danna under den kaledonske fjellkjedefoldinga (Den kaledonske orogenesen) og består hovudsakleg av djupbergarten dioritt. Lengst vest og sør på øya Smøla opptrer ein annan djupbergart, gabbro. På nordsida av området med gabbro i sør går det frå botnen av Skjølbergsvika austover til Edøy kyrkjestad og vidare til Nerdvika eit belte med grønstein, ein vulkansk bergart frå kambrosilur, sterkt omdanna i kaledonsk tid. På øyane lengst sør i kommunen (Edøya, Kuli (Kuløya) med fleire) er berggrunnen yngre og består av sandstein, dels konglomerat, frå devon.

Øyane må i sin heilskap reknast med til strandflata, for det høgaste punktet til kommunen er Ramndalshaug på Kuli (70 moh.). Til samanlikning er øya Smøla sitt høgaste punkt på 63 moh. (Nerdvikberget). Smøla er myrlendt. 38 prosent av det samla arealet til kommunen er myr. Mesteparten av myra er grunn og kviler på berggrunnen, men på strekningar med djupare jordlag blir det drive nydyrking, særleg på Frostaheia i nordaust. Av kommunen sitt areal er fire prosent dyrka mark, medan mindre enn éin prosent er skog.

Kommunen har åtte naturreservat og to landskapsvernområde som er viktige for bevaring av den særeigne naturen, floraen og faunaen til kommunen.

Busetjing

Øya Smøla har rundt 83 prosent av befolkninga i kommunen. Det meste av busetjinga ligg langs kysten. Busetjinga er tettast i områda Brattvær-Dyrnesvågen i nordvest, Hopen-Rokstad i nordaust og rundt Edøy kyrkjestad i sør. På Edøya bur tre prosent av befolkninga til kommunen (2015). I ei spesiell stilling kjem tettgrenda Veiholmen, på småøyar ca. 10 km nord for kommunesenteret Hopen (Nordsmøla).

Befolkninga i Smøla har heilt sidan andre verdskrigen vist ein relativt sterk tilbakegang, og samla sett i perioden 1946–2015 blei folketalet halvert. I tiårsperioden 2007–2017 var folketalet i Smøla omtrent uendra. Til samanlikning hadde Nordmøre ein gjennomsnittleg årleg vekst på 0,4 prosent og Møre og Romsdal 0,8 prosent i denne perioden.

Tettstader

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det ingen tettstader i kommunen. Definisjonen av ein tettstad er at det er minst 200 innbyggjarar og at det er mindre enn 50 meter mellom husa.

Smøla er den einaste kommunen i Møre og Romsdal som ikkje har tettgrender som kan klassifiserast som tettstader.

Kart over Smøla kommune
Kart over Smøla kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jordbruk og fiske er viktige næringar på Smøla, og primærnæringane har 18 prosent av arbeidsplassane til kommunen (2014), noko som er den høgaste andelen blant kommunane i fylket.

Store myrområde er dyrka opp sidan andre verdskrigen. Jordbruket er i dag prega av husdyrhald (storfe og sau) og grønsakdyrking, særleg produksjon av gulrøter, og Smøla har størst sauetal og størst grønsakareal på friland i fylket (2013). Smøla har dessutan eit rikt sjøfiske, og det er fleire fiskeoppdrettsanlegg i kommunen. I 2015 ilandførte den heimehøyrande flåten i Smøla fangstar til ein samla førstehandsverdi på 84,5 millionar kroner. Det blei til samanlikning ilandført fangstar til kommunen til ein verdi av 119,9 millionar kroner, noko som viser gjennom ei stor fiskeforedling i kommunen.

Næringsmiddelindustrien har på bakgrunn av dette 56 prosent av dei tilsette i industrien i kommunen (2015). Veiholmen i nord er eit stort fiskevær med mellom anna Veidholmen Fisk AS (produksjon av klippfisk). Andre industribransjar er verkstadindustri, med 32 prosent av sysselsetjinga til industrien, og tekstil- og trevareindustri, båe med 6 prosent (2015). Også verkstad- og tekstilindustrien er i atskilleg grad basert på fiskeriverksemda, og innan trevareindustrien kan ein nemne vindaugsproduksjon (Smølavinduet AS i Nordvika, nordaust på øya). Samla har industrien ti prosent av arbeidsplassane i Smøla, 17 prosent om ein inkluderer byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon (2016).

Statkraft SF har bygd ut eit vindkraftanlegg på Smøla (Smøla vindpark) med i alt 68 turbinar med ei samla maksimal yting på 150 MW, per 2017 den største vindmølleparken i landet. Anlegget blei sett i drift i 2002 og 2005 og har ein gjennomsnittleg årleg produksjon på 356 GWh.

Smøla har atskilleg turisttrafikk basert på naturopplevingar knytte til mellom anna havfiske, fuglelivet og dyrelivet elles. Det er også betydeleg med fritidsbustader, spesielt gjeld dette eldre bustadhus som etter fråflytting er tekne i bruk som fritidshus.

Av dei busette arbeidstakarane i Smøla arbeider tolv prosent utanfor kommunen, tre prosent i Kristiansund, i alt to prosent i resten av fylket (2016) og éin prosent i Trondheim.

Samferdsel

Fylkesveg 669 går rundt heile øya Smøla, og dessutan på bruer og fyllingar til Kuli og Edøya. Derfrå er det ferjesamband med fastlandet og hurtigbåtsamband med Kristiansund og Trondheim. Veiholmen har vegsamband til Smøla via ei rekkje øyar og holmar knytte til bruer og fyllingar.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Smøla høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Nordmøre Interkommunalt Politisk Råd saman med Aure, Averøy, Gjemnes, Kristiansund, Sunndal, Surnadal og Tingvoll.

Smøla kommune svarer til dei tre sokna Brattvær, Edøy og Hopen i Ytre Nordmøre prosti i Møre bispedøme i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Smøla til Nordmøre fogderi (futedøme) i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Smøla

For statistiske formål er Smøla kommune (per 2021) delt inn i eitt delområde med til saman 16 grunnkrinsar: Hallarøy, Jøen, Gjelberg, Stensøynes, Skarpnes, Dyrnesvågen, Hopen, Innveien, Veiholmen, Sætran, Holmen, Frostafeltet, Rokstad, Bremnes, Ragnes og Edøy.

Historikk og kultur

På Kuli, ei øy mellom Edøya og Smøla, er det funne ein runestein, Kulisteinen, med runeinnskrift i to linjer, truleg det eldste norske kjeldeskriftet som nemner kristendommen og landsnamnet Noreg. Steinen er frå tidleg 1000-tal. Steinen blir oppbevart på NTNU Vitskapsmuseet i Trondheim, og ein kopi er sett opp på funnstaden.

Edøy gamle kyrkje er frå ca. 1190. Ho brann i 1887 (sjå Edøya), men er sidan restaurert. Ved kyrkja ligg Gurisentret, som har årlege oppføringar av utandørsspelet Fru Guri av Edøy med handling lagd til området seint på 1100-talet. Edøy nye kyrkje ligg sør på øya Smøla.

På Veiholmen er det reist eit monument over Feskarkjerringa. I 1995 blei Sør-Smøla-området kåra til årets kulturminne i Noreg.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1989) har to sølvfarga oppflygande måsar mot ein raud bakgrunn, og antydar kyst og hav.

Namnet blei i mellomalderen skrive Smyl, som høyrer saman med smule, ‘oppsmuldra'. Det siktar sannsynlegvis til dei spesielt mange skjera, holmane og øyane som finst i farvatnet omkring Smøla.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Smøla bygdebok, 1981-, 11 b.

Kommentarar (1)

skreiv Jon Richardsen

Den påfølgende setningen fra avsnittet "Næringsliv" må vel mangle noe, eller noe som skulle ha vært fjernet, har blitt stående?
"Andre industribransjar som viser att, er verkstadindustri, med 32 prosent av sysselsetjinga til industrien, og tekstil- og trevareindustri, begge med 6 prosent (2015)."

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg