Slaveriet i Det gamle Egypt har ein lang og uavklart historie innan fagmiljøet, og spranget er stort mellom dei som hevdar slaveri ikkje eksisterte, til dei som hevdar at folk flest var slavar. Det som likevel er sikkert, er at soldatar kunne ta med seg krigsfangar heim frå tokt, og frå det nye riket (ca. 1550 - 1069 fvt.) kan ein av kjeldene sjå ei auke i kjøp, sal, arv, og leige av menneske.

Individuelle variablar avgjorde fridomen til det einskild menneske. Dei ulike sosiale gruppene langt frå lukka, og det var ikkje uvanleg med bevegelse både opp og ned i det sosiale hierarkiet. Dette kunne blant anna skje gjennom yrke, ekteskap og adopsjon. Den vanlegaste orsaka for bevegelse nedover var gjennom straff for gjeld og kriminelle handlingar.

Kemp, Barry J., (2006). Ancient Egypt: Anatomy of a Civilization. 2 ed. London: Routledge.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.