Slaget ved Manzikert
I slaget ved Manzikert i dagens Tyrkia i 1071 slo Alp Arslan og selsdjukkene den bysantinske keiseren Romanus IV Diogenes. Fransk miniatyr fra 1400-tallet.

Slaget ved Manzikert var eit slag som stod i 26. august 1071 mellom bysantinske og seldsjukkiske troppar i Manzikert, Bysants. Staden ligg i dag langt aust i Tyrkia, og heiter Malazgirt på tyrkisk.

Faktaboks

Etymologi
Manzikert kjem via gresk frå armensk.
Også kjend som

Slaget ved Malazgirt (etter det tyrkiske namnet på staden i dag).

Dei bysantinske troppane var leidde av keisar Romanus IV Diogenes, som var ute etter å vinne tilbake bysantinsk land som nyleg var gått tapt i søraust.

Dei seldsjukkiske troppane var leidde av sultan Alp Arslan, som på oppdrag frå kalifen i Bagdad var på veg til Syria for å sikre landområde der då dei fekk melding om å møte den bysantinske hæren frå nord.

Seldsjukkane vann ein overlegen siger og tok keisar Romanus til fange.

Resultat og følgjer

I staden for å sikre bysantinske område i søraust, opna slaget Anatolia, som av inntrengjarane vart kalla Rum (etter Romarriket), for muslimsk styre, persisk kultur og tyrkisk innvandring via Persia (Iran). Seldsjukkane spreidde seg raskt utover det anatoliske platået, og inntok i 1075 konsilbyen Nikea, i dag İznik, drygt 100 kilometer frå Konstantinopel i luftlinje. İznik vart gjort til hovudstad i den vestlege delen av Seldsjukkarriket, men etter at byen i 1097 fall for krossfararane i det første krosstoget, vart hovudstaden flytta til Konya.

Både seldsjukkriket og seldsjukkdynastiet fanst i Anatolia fram til rundt 1300, då det gjekk til grunne etter mongolske herjingar. I Vesten vart Det anatoliske seldsjukkriket og landområda som høyrte til under det, tidleg kalt for Tyrkia, og då det gjekk til grunne, vart det erstatta av andre tyrkiske statsdanningar, som Det osmanske riket.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg