Slaget ved Hjørungavåg
«Uvêret under slaget i Hjørungavåg.» Teikning av slaget slik Halfdan Egedius førestilte seg det i 1897.
Skisse av Håkon Sigurdsson jarl

Skisse av Håkon Sigurdsson jarl, teikna av Christian Krohg rundt 1895–1899 som forarbeid til illustrasjon til «Olav Tryggvasson saga» i Snorre Sturlasons Heimskringla, gitt ut i 1899.

Av /Nasjonalmuseet .
Lisens: CC BY 4.0

Slaget ved Hjørungavåg var eit sjøslag på kysten av Sunnmøre, truleg kring år 986. Håkon Sigurdsson jarl (Håkon jarl) kjempa her ned ein styrke av danskar og jomsvikingar.

Slaget ved Hjørungavåg var eit danskleidd åtak på styret til Håkon Sigurdsson jarl. Håkon hadde styrt Noreg som underkonge for danskekongen (først Harald Blåtann, deretter Svein Tjugeskjegg) sidan 970, men hadde vorte for sjølvstendig og eigenmektig. Danskekongen sende difor ein større styrke nordover for å straffe Håkon. Fleire krigarar frå det vidgjetne brorskapet jomsvikingane skal ha vore med.

I slaget skal den danske invasjonsstyrken først ha hatt framgang. Etter kvart snudde derimot lukka, truleg på grunn av eit større uvêr. Vendinga har gitt grunnlag for fleire mytiske forteljingar, den fremste at Håkon jarl skal ha ofra son sin til gudinna eller fylgja (verneånda) Torgerd Hølgabrud. Etter dette fall fleire av dei førande jomsvikingane.

Det enda med fullstendig nederlag for danskane, som skal ha trekt seg bort frå norske område for ei tid. Håkon jarl fekk slik ein sterk siger og kunne grunnfeste styret sitt som einekonge over norske område. Slaget ved Hjørungavåg skal dermed ha vore viktig for sjølvstendet til det norske riksstyret ‒ for ei tid.

Slaget passar godt inn i det historikarane veit om striden mellom danskekongen, som prøvde å hevde overherredøme i Noreg, og dei eigenmektige underkongane hans. Opplysingane om slaget er likevel usikre, og det er uvisst om det har stått i det heile.

Kjelder

På grunn av den avgjerande rolla slaget spela for det norske riksstyret, har det ei viktig rolle i Snorre Sturlasons Heimskringla. Likeins er det nemnt hos den danske historiekrivaren Saxo Grammaticus. Begge desse sogeskrivarane har truleg bygd på Soga om jomsvikingane, ei soge med lang munnleg overlevering og preg av svært mykje dikting. Like fullt er slaget ved Hjørungavåg nemnt i fleire samtidige skaldekvad, og det er såleis godt mogleg at det har ein viss historisk kjerne.

I samband med dette slaget møter vi for første gong omgrepet leidang omtalt i samtidige kjelder. Leidangen var ei form for styrkeutskriving, seinare svært viktig i forsvaret av Noreg til sjøs. Håkon jarl skal ha samla ein hær på opp mot 180 skip, ved å nytte seg av leidangsbod. Danskane kom med færre skip, men likevel opp mot hundre. Slaget var såleis eit av dei største sjøslaga i vikingtida, og eit av dei blodigaste: «Vidt på sjøen dreiv skuter med varme likhaugar ladde», kvad Þórðr Kolbeinsson i «Eiríksdrápa» (til Eirik Håkonsson).

Bakgrunn for slaget

Gravølet etter danskekongen

Sigvalde jarl drikk minneskål

Jomsvikingen Sigvalde jarl drikk minneskål i farens gravøl. Ifølgje Olav Tryggvasons saga og Jomsvikinganes saga lova Sigvalde samtidig å drepe den norske ladejarlen Håkon Sigurdsson, noko som leidde til slaget ved Hjørungavåg.

Danskekongen Harald Blåtann døydde kring år 985. Son hans, Svein Tjugeskjegg, heldt då eit gravøl, òg kalla arveøl, etter han. Gjestebodet skal òg ha vore halde til minne om Strut-Harald, konge over Skåne. Her var difor sønene til Strut-Harald, Sigvalde jarl og Torkjell Høge, med. Dei var førande menn i det frykta brorskapet jomsvikingane. Arveølet er nemnt i Heimskringla og utførleg i Soga om jomsvikingane.

Sterk drikke flaut under festen, og jomsvikingane skal ha vorte skjenkte mest. Ved arveøl var det skikk å skåle for store lovnadar om komande bragder, såkalla brageløfte. Kong Svein svor at han skulle hærta England innan tre år. Sigvalde jarl følgde opp med at han skulle ta Noreg frå Håkon Sigurdsson jarl, riksstyraren i Noreg. Eit slikt brageløfte kom ein ikkje frå, sjølv om jomsvikingane skal ha angra seg bittert i bakrusen. Dei bestemte seg for å gå til åtak snøgt, for å overraske Håkon.

Jomsvikingane vart slik lurte til å vere med på åtaket mot Håkon jarl, ifølgje sogene. Motivet for knepet var hemn frå Svein Tjugeskjegg for ei tidlegare bortføring, leidd av Sigvalde jarl. Svein vart då ført til Jomsborg, jomsvikingane sitt tilhald i Vendland, søraust i Austersjøen. For å sleppe fri, måtte han seie frå seg skatteretten over Vendland. Dette innebar tapte inntekter, men også tapt ære for Svein. Forteljinga om arveølet er god, men truleg fri dikting.

Dansk åtak på norsk konge

Slaget ved Hjørungavåg var eit straffetokt mot Håkon Sigurdsson jarl, hovdingen som hadde styrt det som var Noreg på den tida, frå setet sitt på Lade i dagens Trondheim. Makta hadde han fått av Harald Blåtann, etter nedkjempinga av dei tidlegare riksstyrarane, Eirikssønene (søner av Harald Hårfagre). Håkon styrte altså som danskekongen sin underkonge, med ei viss skatteplikt til den danske krona. Håkon skal samtidig sjølv ha bygd opp ein større rikdom etter vikingferder i austerveg. Det medverka til det eigenrådige styret hans.

Tidfestinga av slaget ved Hjørungavåg er usikker. Det må likevel ha stått etter 974, då Håkon jarl medverka i Harald Blåtann sin kamp mot den tysk-romerske keisaren Otto 2. Sogene si kopling til arveølet, fastset tidspunktet til år 985/986. Historieskrivaren Saxo Grammaticus hevdar derimot at det var Harald Blåtann som ordna åtaket, slik at det kan ha skjedd før han døydde. Eit tidlegare dansk tokt mot Håkon, kring midten av 970-åra, viser at danskekongen var ivrig etter å få bukt med jarlen, og sannsynleggjer ei slik tolking. Truleg var altså slaget eit ledd i maktkampen mellom Håkon og Harald.

Toktet nordover

Leiande jomsvikingar som skal ha fare mot Håkon jarl, var Bue Digre og Vagn Åkesson, forutan Sigvalde jarl og Torkjell Høge. Dei segla nordover med det som ifølgje kongesoga Fagrskinna var 60 skip. På ferda nordover skal dei ha herja lang norskekysten, noko som likevel passar dårleg med at dei ville overraske Håkon. Gjermund, Håkon sin lendmannJæren, skal då òg ha sloppe unna åtaka og så ha åtvara ladejarlen. Håkon kunne dermed bu seg på strid.

Jomsvikingane fór så nordover. Ved Hjørungavåg på Sunnmøre gjekk dei i land for å leite etter Håkon. Her fekk dei bod om at jarlen låg i ei bukt like ved, med eit fåtal skip. Dei segla ut, men kom i bakhald. Leidangflåten Håkon hadde samla, talde nemleg tre gonger så mange skip, ifølgje Fagrskinna. Dei rusta seg til slag.

Slaget

Grid

Jomsvikingane får grid av Eirik jarl etter slaget ved Hjørungavåg. Teikning av Christian Krohg.

Av .

Slaget skal først ha gått dårleg for nordmennene. Jomsvikingane kjempa hardt. Vagn Åkesson braut opp fylkinga, skipsavdelinga, til Eirik, son til Håkon, sjølv om Eirik hadde tre gonger så mange skip.

... da rader av ruggande hærskip

rudde vart for menner,

og hovdingen laut hive

heilt sin sund-slitne jarnserk.

Dette kvad Tind Hallkjellsson, som var med i slaget: Håkon jarl vart no råka av så mange spyd at han kasta frå seg brynja. Jarlen sine menn måtte då søkje til lands.

Så braut det ut uvêr. Soga om jomsvikingane koplar vêromslaget til ei påstått menneskeofring. Håkon skal ha ofra sin eigen son, Erling, til Torgerd Hølgabrud, verneånda for ladejarlane. Ruskevêret talde nemleg til nordmennene sin fordel, og det danske mannefallet auka.

Etter kvart vart overmakta for stor for danskane. Sigvalde jarl skal då ha flykta frå slaget og vert for det illgjeten i sogene. Bue Digre kjempa til han vart kvesta, og hoppa så på sjøen. Vagn Åkesson vart fanga av Eirik Håkonsson. Dei danske krigarane kjempa i det heile til dei stupte eller vart tekne til fange og drepne. Denne kampviljen gjorde slaget svært blodig. Eirik sleppte likevel Vagn fri, til Håkons vreide.

Tolking og mytar

Hjørungavåg

Staden der slaget stod, er aldri påvist. Namnet Hjørungavåg blei gitt bygda Liavåg i Hareid kommune i Møre og Romsdal i 1897, då ein meinte at det måtte vere åstaden for slaget. Kartet viser kor Hareid kommune ligg i Noreg. Bygda Hjørungavåg er markert med raudt i det utheva feltet og viser omtrentleg plassering.

Hjørungavåg
Av /Kartverket.
Lisens: CC BY 4.0

Til alle heimsens endar

ordet no seg breier

om den høge hovdings

heiderrike storverk.

Det kvad Einar Skålaglam, hirdskalden til Håkon, i skaldekvadet «Vellekla». Slaget ved Hjørungavåg vart raskt vidgjete. For Håkon jarl var sigeren ei ærerik styrking av makta hans, for danskekongen eit kraftig nederlag, som heldt han borte frå nye åtak i Noreg i lang tid. Det gav opphav til mange mytar. Det vart sagt at Bue Digre hoppa over bord med to kister gull, heller enn å strekkje våpen. Son hans, Sigurd, bad om å få håret skåna under halshogginga etter slaget, men rykte til med hovudet, slik at han som heldt håret, fekk hendene kappa av.

Hos Snorre Sturlason var slaget ved Hjørungavåg eit avgjerande vendepunkt i dansk innblanding i Noreg. Fullt så utslagsgivande vart det ikkje, for danskekongen la nokre tiår seinare Noreg under seg. I slaget ved Svolder kring år 1000 kjempa òg Svein og Eirik jarl på dansk side, saman med jomsvikingane, mot Olav Tryggvasson. Viktigare enn for den historiske utviklinga vart slaget ved Hjørungavåg seinare eit symbol for norsk sjølvstende og storskap i den nasjonale historieskrivinga etter 1814. I nyare tid har kjeldekritiske historikarar måtta slå seg til ro med uvissa, og dei vurderer slaget som truleg, eller iallfall mogleg.

Lokalt har kampen mest stått om staden der slaget stod, for staden er aldri påvist. Fleire av tolkingane har ikkje stått tilbake for diktinga i Soga om jomsvikingane. Debatten har rast i lokalpressa opp til 2000-talet, og før 1000-årsfeiringa i 1986 leita dykkarar og ein ubåt etter kistene til Bue Digre. Noko bevis for at slaget har skjedd, er likevel ikkje funne. Namnet Hjørungavåg vart gitt til bygda Liavåg i Hareid så seint som i 1897. Sannsynlegvis er då heller ikkje stadnamnet samtidig, men ei islandsk forvansking av namnet Hareidlandet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Helle, Knut (1992): «Jomsvikingeslaget: islandsk heltediktning?», i Kongsmenn og krossmenn. Festskrift til Grethe Authén Blom, redigert av Steinar Supphellen. Trondheim: Tapir. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Hødnebø, Finn og Magerøy, Hallvard, red. (1993): Snorres kongesoger, omsett av Steinar Schjøtt og Hallvard Magerøy. Oslo: Det Norske Samlaget. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Larsen, Stein Ugelvik, red. (1992): Soga om Jomsvikingane, innleiing ved Stein Ugelvik Larsen. Hareid: Hareid historielag. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Larsen, Stein Ugelvik (2006). Striden om stedet. Hjørungavåg-slaget i norsk historie og kulturdebatt. Ålesund: Sunnmørsposten forlag
  • Morawiec, Jakub (2009): Vikings Among the Slavs. Jomsborg and the Jomsvikings in Old Norse Tradition, bind 17 av Studia Medievalia Septentrionalia. Wien: Fassbaender
  • Schreiner, Johan, red. (1972): Fagrskinna. En norsk kongesaga, omsett og med innleiing av Johan Schreiner. Oslo: Fabritius. Les hos Nasjonalbiblioteket

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg