Faktaboks

Skuløya
Flemsøya
Skuløya
Frå Skuløya.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Skuløya er ei øy i Haram kommune i Møre og Romsdal. Det er ei av Nordøyane utanfor Harøyfjorden på Sunnmøre.

Skuløya er 14,3 km2 stor med 503 innbyggarar (2015). Aust- og sørkysten er flat, elles er øya berglendt og trebar. Det høgaste punktet, Skulen, er 492 meter over havet.

Øya har fiske og fiskeforedling, mellom anna klippfisktørkeri, verkstader og elektronikk- og trevareindustri. Det er brusamband til Haramsøya i sørvest og bilferje vidare til Kjerstad på Lepsøya og Skjeltene på fastlandet.

Kart

Skuløya
Skuløya
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Einar Landmark

Hei!
Det offisielle namnet på øya har vore Flemsøya i mange hundre år. Haram kommunestyre har i nyare tid foreslått at også Skuløya skal vere offisielt namn på øya og dette har blitt akseptert. No er derfor dei to namna jamstilte, og i dei fleste offisielle samanhengar vert namnet no skrive Flemsøya/Skuløya. Longva er namnet på ein gard på øya og poststaden, men har aldri vore namn på øya. Dersom redaksjonen treng nærare dokumentasjon, kan eg finne fram det.
Beste helsing Einar Landmark

skreiv Lars Mæhlum

Takk for innspill. Longva er nå fjerna som alternativt navn. Skuløya og Flemsøya er begge vedtatte navneformer.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg