Grunnskuleutdanninga i Sør-Sudan følgjer modellen frå Sudan og består av åtte år på barneskuletrinnet og tre år på ungdomsskuletrinnet. Undervisningsspråket er engelsk.

Det var ingen skular i Sør-Sudan før området blei del av det anglo-egyptiske kondominatet. Den første skulen blei oppretta i Wau i 1903 for søner av soldatar og embetsmenn. Den første misjonærdrivne skulen, Wau Industrial School, blei opna same stad året etter. Dei angloegyptiske kolonistyresmaktene prioriterte ikkje utdanning av dei lokale barna, og i 1920 var det framleis berre rundt 500 elevar ved nokre få skular i dagens Sør-Sudan. Undervisningsspråket var engelsk og kristendomslære utgjorde ein stor del av pensum.

Etter Sudans sjølvstende i 1956 tok departementet for utdanning over alle misjonsskulane i dagens Sør-Sudan. Skulane blei integrerte innanfor det nasjonale utdanningssystemet med eit program for å erstatte engelsk med arabisk som undervisningsspråk.

Mange skular blei bygde i Sør-Sudan då regionen var under sjølvstyre etter Addis Abeba-avtalen i 1972, men dei fleste av desse blei øydelagde under den andre sudanske borgarkrigen (1983–2005).

Universitetet i Juba blei grunnlagt i 1975 som det første i Sør-Sudan. Under den andre borgarkrigen blei campus flytta til Khartoum i Sudan, men det blei flytta tilbake til Juba i 2011 som følgje av at Sør-Sudan blei ein sjølvstendig stat.

Etter fleire tiår med krig er utdanning ei av dei store utfordringane for Sør-Sudan. Analfabetisme er utbreidd i store lag av befolkninga ettersom moglegheitene for skulegang har vore små.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg