Faktaboks

Innbyggjartal
933 (SSB, 2023)
Landareal
1 km²
Tettstadsnummer
4731 Skjold

Skjold er ein tettstad i Vindafjord kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1 km², og har 933 innbyggjarar (2023).

Skjold sokn omfattar landet nord for Grindafjorden og aust for Skjoldafjordens inste del og utgjer den delen av den tidlegare kommunen Skjold som i 1965 vart lagt til Vindafjord kommune. Busetjinga er tettast langs nordsida av Grindafjorden der E 134 (DrammenHaugesund- Haugesund Lufthavn, Karmøy) går.

Den gamle kyrkja i Skjold var ei trekyrkje frå 1887. Kyrkja vart tend på og brente ned i 1991. Nye Skjold kyrkje stod ferdig i 1998. Ho er åttekanta og bygd i mur og har plass til 400 personar.

Kart

Skjold
Skjold
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg