Skandinavien (avis)

Hovudkvarteret til den norsk-amerikanske avisa Skandinaven i Chicago.
Av /Norwegian-American Historical Asssociation.

Artikkelstart

Skandinavien var den største og mest radikale av dei norskspråklege avisene i USA.

Skandinaven vart starta i Chicago i 1866, med John Anderson som eigar og Knud Langeland og Iver Lawson som redaktørar. Grunntanken med avisa var å fremje det amerikanske likskapsidealet, og Skandinaven fekk snart ry som ei progressiv avis. Ho synte sympati for arbeidarklassa, kvinners likestillingskrav og lågkyrkjeleg kristendom, og avisa vart skulda for fritenkjeri og sosialisme. Då unionsstriden stod på i Noreg, tok avisa klart standpunkt for norsk sjølvstende.

Avisa var tolerant og modig, men kunne ikkje satse på idealisme åleine. Som forretningsførar var Anderson oppteken av å styrkje avisa sin økonomi. Han kjøpte opp norskspråklege aviser, mellom dei Marcus Thrane si radikale Chicago-avis, og utvida Skandinaven med søndagsavis og litterære bilag. Publikasjonen Husbiblioteket baud på noveller og dikt og norske og omsette romanar, og i 1870-åra sikra avisa seg kulturradikale norske bidragsytarar som Kristofer Janson og Bjørnstjerne Bjørnson. I 1876 supplerte Anderson avisdrifta med boktrykkjeri og bokhandel, og skapte slik eit mediehus som gjorde Chicago til den leiande norske bokbyen i Midtvesten.

Skandinaven fekk utbreiing over heile USA og nådde eit høgdepunkt rundt 1905. Då var opplaget 48 000, større enn noka avis i Noreg. I 1941 vart Skandinaven kjøpt opp av ein av dei argaste konkurrentane, Decorah-Posten.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg