Skaldskaparmål er namnet på den andre delen av Snorres Edda.

Faktaboks

Etymologi
norrønt Skáldskaparmál ‘skaldskapens språk’
Også kjend som
Skáldskaparmál

Snorres Edda er ei lærebok i skaldskap. I den fyrste delen, Gylvaginning, vart lesaren sett inn i den mytologiske bakgrunnen som var naudsynt for å forstå tydingsinnhaldet i kenningar og heiti, dei poetiske omskrivingane i skaldediktinga.

I Skaldskaparmål får lesaren vite korleis ein skal lage slike kenningar. Det blir gjeve døme på omskrivning av ei lang rekkje omgrep og på korleis dei er laga ved hjelp av mytiske og segnhistoriske kunnskapar. Som eksempel på kenningar blir det sitert frå ei mengd med strofer av eldre skaldar.

Den tredje delen av Snorres Edda er Håttatal.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg