Skafså kyrkje
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Skafså er ei bygd i Tokke kommune i Telemark. Skafså utgjer den søre delen av kommunen.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt skaf, ‘skav, bark til dyrefôr’ og á, ‘å, elv’.

Tettbebyggelsen Åmdals verk seks kilometer sør for kyrkjestaden er eit tidlegare gruvesamfunn, der det i åra 1690 til 1945 blei utvunne kopar. I dag er det eit gruvemuseum der. Skafså kyrkje er ei langkyrkje i tre, oppført i 1839.

Det er eit bygdetun med Visliestoga ved Skafså kyrkje. På Grimdalen, om lag fire kilometer vest for kyrkjestaden, voks bilethoggaren Anne Grimdalen opp. Grimdalstunet er ein fjellgard frå 1600-talet som i dag er museum med kunstgalleri. Her finst ei stor samling av Anne Grimdalens skulpturar.

Kart

Skafså
Skafså
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg