Ørsta er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg mellom Vartdalsfjorden/Storfjorden i nordvest og Norangsdalen på grensa til Stranda (Hellesylt) i søraust.
Ørsta vart skilt ut frå Volda og oppretta som eigen kommune i 1883. Eit mindre område med 13 personar vart også overført frå Volda i 1892. Dei tidlegare kommunane Vartdal og Hjørundfjord vart innlemma i Ørsta i 1964.
Ørsta fekk dei noverande grensene sine i 2020, då Bjørke og Viddal krins lengst sør i kommunen vart overførte til Volda samstundes med at Volda vart slått saman med Hornindal. Bjørke og Viddal utgjorde 18 prosent av arealet i Ørsta, men hadde berre 104 innbyggjarar, noko som tilsvara éin prosent av folketalet i Ørsta.
Ørsta grensar til Sykkylven i nordaust, Stranda i søraust og Volda i sør og sørvest. Kommunegrensa i aust følgjer tinderekkja på vasskiljet på austsida av Hjørundfjorden, og i vest følgjer grensa tinderekkja på same måte ved vasskiljet. I nordvest har Ørsta grense til Hareid, Ulstein og Sula i Vartdalsfjorden/Storfjorden.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.