Faktaboks

Sjur Røthe
Fødd
2. juli 1988, Voss
Sjur Røthe
Sjur Røthe med gullmedaljen frå 30 kilometer skiathlon i VM i Seefeld i 2019.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Sjur Røthe er ein norsk langrennsløpar frå Voss. Han vart verdsmeister på 30 kilometer skiathlon i Seefeld i 2019 og har to VM-gull i stafett. Totalt har Røthe vunne seks medaljar i VM. Røthe har sin største styrke på lengre distansar i fristil.

Internasjonal karriere

Røthe var ein lovande løpar i junioralder og tok bronsemedalje på 20 kilometer skiathlon i 2007. Han debuterte i verdscupen i mars 2019 og kvalifiserte seg for den første seniormeisterskapen sin i 2011 i Oslo. Der vart han som best nummer 4 på 50 kilometer fristil.

I VM 2013 tok Røthe den første internasjonale seniormedaljen sin med bronse på 30 kilometer skiathlon i Val di Fiemme. Han gjekk òg den tredje etappen på det norske gullaget i stafett. I 2015 fekk Røthe ein niandeplass som best i VM, medan han vart nummer 4 (30 km skiathlon) og 6 (50 km fristil) i VM 2017.

Røthe deltok i OL i Sotsji i 2014 og vart nummer 19 på 30 kilometer skiathlon, hans einaste OL-start.

VM-gull i Seefeld

Røthes største individuelle siger er gullmedaljen på 30 kilometer skiathlon i VM i Seefeld i februar 2019. Han vann eit svært jamt oppgjer med Aleksandr Bolsjunov (sølv) og Martin Johnsrud Sundby (bronse). Seinare gjekk han den tredje etappen på det norske gullaget i stafetten og avslutta sitt hittil beste meisterskap i karrieren med bronse på 50 kilometer fristil.

Framgangen i 2019 kom mellom anna av forbetring av mangeårige ryggplager. Han fekk i 2017 diagnosen Bekhterevs sjukdom.

Verdscupen

Røthe har seks individuelle sigrar i verdscupen. Tre er vunne i Noreg og to i Val di Fiemme, alle i fristil. Den første verdscupsigeren hans kom på 50 kilometer fristil i Holmenkollrennene i 2015. I 2018/2019-sesongen enda han på ein 3. plass samanlagt i verdscupen.

Noregsmeisterskap

Røthe har totalt vunne 10 individuelle medaljar i NM på ski, derav tre gull. Han vann 10 kilometer klassisk og 50 kilometer fristil i 2018 og 15 kilometer fristil i 2021.

Røthe er særleg kjent for å vere særs god til disponere løpa og har oftast svært sterke avslutningar på konkurransane sine. Han har ein effektiv og svært god teknikk i fristil, og ein god spurt på lange distansar.

Han representerer Voss Idrottslag.

Internasjonale medaljar

VM: 3 gull, 2 bronse

Medalje Øving VM
Gull Stafett Val di Fiemme 2013
Gull 30 km skiatlon Seefeld 2019
Gull Stafett Seefeld 2019
Bronse 30 km skiatlon Planica 2023
Bronse 30 km skiatlon Val di Fiemme 2013
Bronse 50 km fristil Seefeld 2019

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg